Siste åra har det kome søknadar frå store deler av Søre Sunnmøre både til barnetrinnet og ungdomstrinnet. Skulen har til no motteke 38 søknadar for neste skuleår, og dei fleste har takka ja til skuleplass.

– Spesielt god søking er det til 1. trinn med 15 søknadar og 8. trinn med 14 søknadar. Per i dag er det ledige plassar på alle trinn, men i nokre klassar kan det verte venteliste til hausten. Dei siste åra har skulen også registrert at det oftare kjem inn søknadar som gjeld skuleplass lenger fram i tid. Legg inn søknad i god tid, så har ein reelt skuleval når den tid kjem, oppmodar rektoren.