– Vi må ha som mål å ha nokon i sentralstyret, men då må vi tenkje lengre fram, seier fylkesleiar Tore Johan Øvstebø i Møre og Romsdal KrF. Han vedgår at dette ikkje er bra nok, og seier det er viktig å kome inn i sentrale posisjonar i partiet for å få medverke til vegval og politisk kurs.

Då vala i partiet var unnagjort laurdag ettermiddag, glimra fylkeslaget med sitt fråver i alle viktige posisjonar. Det siste håpet var å få stortingskandidat Steinar Reiten opp frå ein varaplass til fast plass i valkomiteen. Han fekk berre fattige 76 røyster, og var ikkje i nærleiken av å kome inn i varmen.

Gamal bastion

Kjell Magne Bondevik si storheitstid var også fylkeslaget i Møre og Romsdal sine glansdagar, både med tanke på posisjonar i partiet og i regjeringsapparatet. Partilaget har også vore representert på Stortinget fast sidan andre verdskrig med opp til tre representantar på det meste.

Denne glansen er i ferd med å falme for KrF-bastionen Møre og Romsdal. Framleis er dette det tredje største fylkeslaget i partiet etter Hordaland og  Rogaland, men må sjå langt etter sentrale posisjonar.

– Ut frå oppslutninga burde vi vore betre representert, seier tidlegare Volda-ordførar og fylkesleiar, Arild Iversen. Han har dei to siste åra vore fast møtande vararepresentant til sentralstyret, men valgte sjølv å ikkje stille til gjenval.

Seks år på utsida

Det er ei medverkande årsak til at fylkeslaget no stod utan kandidatar. Fast plass i sentralstyret har ikkje partiet hatt sidan tidlegare fylkesleiar Jan Kåre Aurdal gjekk ut i 2011. Han hadde då hatt plass i sentralstyret i fire år.

– Sentralstyret har ei viktig oppgåve i å stake ut politikken og strategien for kven vi skal samarbeide med etter stortingsvalet. Dette er ein plass for å få innflytelse, og det må vere ei klar målsetning å bli representert der, seier Øvstebø.

Dei faste sentralstyremedlemmane representerer fylke som Oppland, Finnmark, Sør-Trøndelag, Hordaland og Vest-Agder.

Knut Arild Hareide vart gjenvalgt som partileiar saman med 1. nestleiar Olaug Vervik Bollestad. Kjell Ingolf Ropstad erstattar Dagrun Eriksen som andre nestleiar. Steinar Reiten vart etter at han vart vraka som medlem av valkomiteen, vald som varamedlem .