(morenytt.no) – Vi skal greie å gjere reine alle måleri, altartavle og anna kunst som har fått sot på seg etter kyrkjebrannen.

Det seier konservatorane Fredrik Jong og Ingjerd Kleiva frå Oslo konserveringsatelier. Måndag kom dei til Ørsta for å reinske kyrkjekunsten i Ørsta kyrkje etter at kyrkja laurdag vart fylt med røyk i samband med brannstiftinga ved kyrkjedøra. Det kom mykje røyk inn i kyrkja, og sot la seg på alle gjenstandar.

Konservatorar Ingjerd Kleiva og Fredrik Jong

– Det har heldigvis ikkje kome så mykje inn, og vi skal vere glade for at branntilløpet vart oppdaga så raskt, og brannen sløkt. Likevel er her nok sot til at det kunne ha gjeve skade på gjenstandane på sikt. Vi vil seie at gjenstandane no er forureina, fortel Kleiva.

Ørsta: Mann i 30-åra gripen for å ha tent på kyrkje

Sot er surt

Når sot legg seg på kyrkjekunsten, vil det etter kvart byrje å etse seg inn.

– Sot er veldig surt. Det har ein veldig låg pH-verdi. Viss det då kjem fukt, vil sotet etter kvart trekkje seg inn i gjenstandane, og gjere skade, forklarar Jong. Dei demonterte og bar ned mest alle flyttbare gjenstandar ned til kjellaren, som altertavla, der dei kunne stå sikra og tørt og under reparasjonsarbeidet.

Oddvar var med på å berge kyrkja: Ei surrealistisk oppleving

– Det er viktig at reinsinga skjer tørt. Sotet vil til dømes også reagere på feitt frå fingrar. Vi brukar penslar, eigne sotsvampar og støvsugar under arbeidet, fortel Jong.

Konservatorane vedgår at oppdraget i Ørsta er spesielt, men er glade for at ikkje noko er øydelagt.

– Det er på mange måtar eit kurant arbeid det vi no gjer. Det positive i dette er at desse gjenstandane no vert reinare enn kva dei var før brannhendinga, seier Jong.

Prøver å bli klar til helga

Det vert framleis arbeidd for at kyrkja skal vere klar til konfirmasjonsgudsteneste komande helg.

– Vi veit enno ikkje om vi greier det, og får ta ei vurdering av det i løpet av tysdagen, seier kyrkjeverje Arnstein Myklebust.

Måndag var arbeidet med å reingjere kyrkja i full gang. Tilsette frå firmaet Polygon var engasjert med dette.

– Vi ser at det vil vere uråd å verte heilt ferdige til komande helg, men målet er at vi skal ha kome såpass langt at kyrkja kan takast i bruk, seier Myklebust.

Noko av arbeidet som må takast i ettertid, er ein gjennomgang av orgelet og konsertflygelet. Her må det hentast inn ekspertar.

Denne saka vart først publisert på morenytt.no