Siste innspurt for Loen Skylift - med prislapp på 300 millionar:

Meir enn to av tre kroner går til lokale bedrifter

Arbeidet med å byggje gondolbana i Stryn er snart ferdig. Av prisen på kring 300 millionar kroner endar minst 200 millionar i lommene på lokale bedrifter.

Lokalt Gunnar Engeseth (t.v.) og Christer Øyre frå Ørsta er to av dei som bidreg til Hoven-prosjektet i Loen. Dei har jobben med å legge ut ei 80 meter lang flytebrygge levert av Vik Ørsta ved fjordstasjonen, men får vere med ein prøvetur opp i høgda. Dei er begeistra både over utsikta og bana.Foto: Nils-Harald Ånstad

Loen Skylift
  • Loen Skylift i Stryn er eit av dei største reiselivsprosjekta nokosinne på Nordvestlandet.
  • Turen frå fjordbotnen i Loen, til toppen av fjellet Hoven tek seks-sju minutt.
  • Bana er mellom dei brattaste i verda med ei stigning på kring 60 grader.
  • Kvar vogn har plass til 45 passasjerer og det er budsjettert med kring 65.000 besøkande årleg.
  • Teknisk sett dreiar det seg om ein pendelbane, som inneber vektutlikning mellom dei to gondolvognene.
  • Prisen for vaksne i høgsesongen vil vere på 485 kroner tur/retur, medan barn betalar kring det halve.
  • På toppen er det restaurant, bar og uteservering med spektakulær utsikt.
  • Turistar på sykkel eller til fots kan ta seg vidare på turstiar frå toppen, og det er bygd bilveg heilt opp til fjellstasjonen. Vinterstid vil det vere muleg å køyre ski ned frå fjellet.
  • Mellom dei største investorane er Hotel Alexandra, Nordfjord Kjøtt, Doppelmayr Garaventa og Stryn kommune.
Nyheter

Fjord Norge trur gondolbane kan bli Norges fremste turistattraksjon:

Heis til himmels

  – Dette er eit stort oppdrag og ein kjempeartig jobb for vår del, fortel Inge Løseth innimellom arbeidsoppgåvene med å få på plass innreiinga i den spektakulære restauranten som snart opnar på kring tusen meters høgde i Loen.

Han er dagleg leiar i det vesle familieeigde Sykkylven-firmaet Confurn, som har fått oppdraget med å levere alt av møblar og interiør.

Dei har i årevis vore «hoffleverandør» til Hotel Alexandra nede ved fjordbotnen, og denne gongen har dei leigd inn fleire folk for å få alt på plass til restauranten som vil ha sitteplass til kring 300 personar.

(saka held fram under)

Teppe Inge Løseth i Confurn fortel at teppet er spesiallaga etter eit bilde av ein stein som låg under der restauranten no er bygd. Fargane går i grått, lys lilla og lys gul.Foto: Nils-Harald Ånstad

Sjå video: Bli med gondolen utfor stupet

Gondolbana i Stryn er klar for opning om få veker. Allereie no kan du bli med Sunnmørsposten på prøvetur.


Dronninga opnar

Nokre meter vekke er kona, Elisabeth Sørvik, i full sving med å montere dei første av kring 50 bord.

– Det er rart å stå og montere møblar når alt det andre ikkje er klart, men det må vi gjere for å bli ferdige, seier Sørvik som er einaste kvinna som er i aktivitet i «maurtua» av arbeidsfolk.

Når «Loen Skylift» opnar 20. mai, må alt vere klart, for på opningsdagen kjem sjølvaste dronning Sonja til lunsj:

– Det er ikkje nokon tvil om at dette er eit prestisjeoppdrag, seier Løseth nøgd.

(saka held fram under bilda)

Dimensjonar Restauranten med 300 sitteplassar blir liten, når ein ser han på toppen av fjellveggen. Det same blir kabinane på pendelbana med plass til 45 personar i kvar.Foto: Nils-Harald Ånstad

Snart klart Elisabeth Sørvik i sving med å montere bord i restauranten der plasten snart blir fjerna frå glaset. Interiøret er inspirert av naturen rundt og lokalet delt i ulike nivå for å gi god utsikt til alle.Foto: Nils-Harald Ånstad

Sjekk den spektakulære utsikten

360-video: Denne får du garantert sug i magen av

Bli med på prøvetur med Loen Skylift ned fra fjellet Hoven.



– Lokal verdiskaping

Å velje lokale leverandørar har vore eit vesentleg poeng for primus motor i prosjektet, Richard Grov.

– Det er heilt bevisst og handlar om lokal verdiskaping, tilknyting og identitet, påpeiker han.

Av den totale prisen på 300 millionar for kjempeprosjektet, anslår Grov at minst to tredelar går til lokale firma. Bygginga av sjølve gondolbana kostar 70 millionar og desse pengane går til sveitsiske Doppelmayr Garaventa.

Men elles er ei lang rekkje med bedrifter frå Nordfjord og Sunnmøre med.

Her finn vi alt frå stålbjelkar frå Stryvo og flytebrygger frå Vik Ørsta, til sofagrupper frå Byggmøbler Sykkylven og bardisk frå Sula-bedrifta Limstrand Interiør. Og det er berre nokre døme.

(saka held fram under)

Stål Stryvo i Stryn har levert kraftige stålkonstruksjonar. Dei store vindauga kjem frå Bolseth Glass på Sandane.Foto: Nils-Harald Ånstad

Direktør med spett og spade

Hotelldirektør Richard Grov går sjølv laus med spett, spade og handemakt når gondolprosjektet Hoven Loen skal realiserast.

 

Aukar til 20 prosent eigardel:

Sveitsere går inn med nye 25,7 mill i Hoven Loen

Garaventa AG, leverandøren av pendelbana på Hoven Loen-prosjektet, gjekk måndag kveld inn med ytterlegare 25,7 millionar kroner i selskapet. Det skjedde under ei ekstraordinær generalforsamling i Hoven Loen, der dei aller fleste av aksjonærane var til stades.


– Vilje til å gjennomføre

Hovudentreprenøren HS Bygg kjem også frå Stryn. Anleggsleiar Åsgeir Tomasgard fortel at den lokale tilknytinga har gitt utslag i arbeidet.

– Det har vore heilt spesielt. Folk har vist ein enorm vilje til å gjennomføre arbeidet. Alle er opptekne av at vi skal kome i mål, og dei har møtt opp når vi har trengt dei. Om vi har trengt å ha ein støyp klar, så har dei møtt opp og jobba overtid om nødvendig, fortel han.

Lokale leverandørar handlar sjølvsagt også om kva som er praktisk, ikkje minst om ein treng hjelp i ein fei.

Om ein hadde hyra inn eit «utanbygds» firma til sjølve jobben, er det ikkje sikkert at den lokale konkurrenten er like villig til å stille på kort varsel om det oppstår ei krise.

– Og om lokale firma skal bli betre, må dei få levere til krevjande prosjekt, seier Tomasgard.

(saka held fram under)

Leiar Åsgeir Tomasgard, anleggsleiar på Hoven for HS Bygg i Stryn, rosar dei lokale bedriftene. Han meiner innsatsen deira har vore spesielt god på prosjektet. ArkivbildeFoto: Svein Aam

 

– Bygd på rekordtid

HS Bygg har sjølv gjort det omfattande – og svært krevjande – betongarbeidet. Tomasgard er ikkje i tvil om at dette er det mest omfattande prosjektet dei har vore med på.

Og av ein omsetnad på meir enn 100 millionar går mykje til underleverandørar, som mellom anna består av lokale røyrleggjarfirma, elektromontørar, ventilasjonsbedrifter og taktekkarar.

– Det har vore intenst, og alt er bygd på rekordtid. Nesten litt raskare enn vi likar, fordi det er vanskeleg å utnytte ressursane optimalt, seier han.

Arkitektur Arkitektane bak bygga er Aaland Arkitektkontor i samarbeid med Eva Eide Koefoed. Restauranten får panoramautsikt mot fjord og fjell.Foto: Nils-Harald Ånstad

Her skal 40.000 miste pusten - men billeg blir det ikkje

Er i rute til opning

Heilt frå ideen om ein gondolbane med tilhøyrande turstiar kom på bordet, har det på mange vis vore eit unikt prosjekt. Satsinga er i ein skala ein knapt har sett maken til i reiselivet på Nordvestlandet. For dei som har utført arbeidet, har plasseringa på toppen av fjellet Hoven, gitt dei største utfordringane.

– Det har i stor grad vore eit logistikkprosjekt ettersom store delar skjer på ein fjelltopp der det er lite lagringsplass. Då er det viktig å få ting på plass til rett tid og at det er rett mengde, påpeiker Tomasgard.

– Og kjem de i mål til dronninga kjem?

– Ja, svarer han utan å nøle:

– Vi er i rute til opninga, men nokre småting vil stå att, mellom anna fordi det krev temperaturar som vi ikkje har på tusen meters høgde i mai, avsluttar han.