Ein mann busett i Stryn dyrka fram 22 marihuanaplantar, men produksjonen var ikkje vellukka. Plantane fekk nemleg berre blad og stilk og ikkje toppskot, som kunne vore eigna til det mannen tenkte å bruke marihuanaen til.

Fjordane tingrett har likevel dømd mannen i 20-åra til 100 dagar fengsel for brot på narkotikalovgivinga. Dommen inkluderer også straff for promillekøyring.

Tingretten har dømt mannen for å ha køyrt med 1,51 i promille ei mainatt i fjor.

For dette må han også betale 45.000 kroner i bot. Han er dessutan frådømt førarretten i to og eit halvt år.

I formildande retning legg retten vekt på at mannen har tilstått både marihuanadyrkinga og promillekøyringa.