Prøvetur med gondolbanen i Loen

Sjå video: Bli med gondolen utfor stupet

Gondolbana i Stryn er klar for opning om få veker. Allereie no kan du bli med Sunnmørsposten på prøvetur.

Sjekk den spektakulære utsikten

360-video: Denne får du garantert sug i magen av

Bli med på prøvetur med Loen Skylift ned fra fjellet Hoven.

(Om du ikkje får sjå videoen - prøv å opne i annan nettlesar)

Gondolbana Loen Skylift i Stryn er eit av dei største reiselivsprosjekta nokosinne på Nordvestlandet. Etter opninga 20. mai kan du på få minutt ta turen frå fjordbotnen i Loen, til toppen av fjellet Hoven kring tusen meter over havet.

Bana er mellom dei brattaste i verda med ei stigning på kring 60 grader - og særleg turen ned gir eit skikkeleg sug i magen over kanten av den stupbratte fjellsida.

Driftsleder Arne Reme forsikrar Sunnmørsposten sine utsendingar at det heile er trygt då avisa er med på prøvetur i strålande solskin.

(saka held fram under)

Dimensjonar Restauranten med 300 sitteplassar blir liten, når ein ser han på toppen av fjellveggen. Det same blir kabinane på pendelbana med plass til 45 personar i kvar.
(Foto: Nils-Harald Ånstad)

Dimensjonar Restauranten med 300 sitteplassar blir liten, når ein ser han på toppen av fjellveggen. Det same blir kabinane på pendelbana med plass til 45 personar i kvar. Foto: Nils-Harald Ånstad

Teknisk sett dreiar det seg om ein pendelbane, som inneber vektutlikning mellom dei to gondolvognene, der ein går ned, medan den andre går opp – begge godt festa på tjukke stålwirar.

Kvar vogn har plass til 45 passasjerer og første driftsåret håpar initiativtakarane på kring 40.000 besøkande. Ein stor del av desse vil vere utanlandske cruiseturistar på besøk i det nordvestlandske fjordlandskapet.

Her skal 40.000 miste pusten - men billeg blir det ikkje

Mellom dei største investorane er Hotel Alexandra, Nordfjord Kjøtt, Doppelmayr Garaventa og Stryn kommune, men også ei rekkje mindre lokale investorar er med på spleiselaget.


Siste innspurt for Loen Skylift - med prislapp på 300 millionar:

Meir enn to av tre kroner går til lokale bedrifter

Arbeidet med å byggje gondolbana i Stryn er snart ferdig. Av prisen på kring 300 millionar kroner endar minst 200 millionar i lommene på lokale bedrifter.


Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Forsiden nå:

Helgapraten med Høstscena-aktuelle Martha Standal

Totalt dedikert

Martha var bare 16 år da hun begynte på Balletthøgskolen i Oslo. Et modig sprang for ei pysete og hjemmekjær lita jente. Nå gjør hun karriere i en tøff og utrygg bransje, med knallhard ballettdisiplin i bagasjen.

Alt er klart til å hjelpe Veslemannen til å rase

– Nå er vi rimelig godt forberedt

Snart tre år etter at beboerne på Lyngheim ble evakuert første gang, er alt klart til å bruke vann for å hjelpe naturen å utløse et ras fra Veslemannen.

Direkte: Seks kamper i Premier League

Kan Manchester-lagene fortsette seiersrekken?

Er ikke helt sikker på at han satser videre neste år

Bjørn Helge Riise vurdere å legge opp etter sesongen