Opplever du problem? Bruk kommentarfeltet for å dele erfaringar.

Fleire bankar her landet vart onsdag formiddag ramma av tekniske problem, knytt til tenester som mobil- og nettbank. Det meldte informasjonssjef i Sparebanken Møre, Tone Skotheim Gjerdsbakk til smp.no ved 11-tida onsdag.

Klokka 12.15 opplyste ho at feilen var retta.

–  Feilen skuldast nettverksproblem hos vår leverandør Evry, som mellom anna fører til innloggingsproblem for mobil- og nettbank. Feilen vart meldt klokka 09.45, og det blir jobba for fullt med å løyse problemet, sa Skotheim Gjerdsbakk onsdag formiddag.

Brukarar opplevde at tenestene gjekk treigt, eller at dei ikkje fekk logga inn.

–  Bruk av kort og minibankar skal fungere som normalt, la ho til.

Sparebanken Møre har lagt ut informasjon på heimesida og på si Facebook-side.