Boman køyrde opp frå Åndalsnes, og filminga er gjort nokre hundre meter før det høgaste punktet på vegen, rundt 700 meter over havet.

– Snø og vind har laga mykje skavlar i år, sa David Grøvdal i brøytemannskapet til Sunnmørsposten om arbeidet.

Brøytinga starta på Åndalsnes-sida i slutten av april. Snøfall gjorde at dei måtte ta pause undervegs.

– I dag passerte vi øvste punktet på vegen, og har rundt ei mil igjen ned til Langdalen på Valldal-sida, sa Grøvdal til Smp.no 3. mai.

Kvart år lurer mange på når den populære turistvegen opnar. Det er avhengig av Byksa og Bispefonna, og vurderingane geologane gjer av rasfaren der.

Dei fleste år blir Trollstigen opna ein gong mellom 20. mai og 1. juni.

Oppdatering: Måndag 22. mai er det sett eit tidspunkt for opninga. Trollstigen opnar onsdag 24. mai klokka 10.00.