Denne våren starta ryddinga langs strender, elvar og vegkantar rekordtidleg i Volda og Ørsta, og mykje avfall er allereie samla inn.

Men det ligg enno mykje igjen som ventar på at flittige hender skal samle det inn og få det levert til det lokale reinhaldsverket.

Den første veka i mai er den offisielle strandryddeveka i regi av Hold Norge Rent, og laurdag 6. mai er Strandryddedagen.

VØR må få beskjed om kvar sekkane skal hentast, og om kor mykje som er samla inn. Dei som deltek, får levert avfallet til VØR utan å måtte betale.