Heis til himmels

Heis til himmels

Fjord Norge meiner Loen Skylift kan bli Norges største turistattraksjon. Men den er definitivt ikkje for folk med høgdeskrekk.

Frå fjord til fjell er det tusen meter opp med Loen Skylift. Vi dinglar i lufta i ei kabelvogn som blir liten mot mektige fjell.
– Sjå på eit fjell langt vekke, er rådet ein av Sunnmørspostens utskremde får på veg opp til fjellet Hoven. Ein arbeidar vart ståande med blikket stivt festa i golvet heile vegen opp, men ingen har fått panikk, får vi vite.

– Verdas finaste arbeidsplass

For Robin Midbøe er turen allereie rutine etter å ha vore med på testkøyring sidan i fjor haust. Den utflytta svensken med interesse for fjell og friluftsliv hamna i Stryn grunna kjærleiken. No er han ein av fem faste tilsette med tittelen kabinoperatør.
– Kva for reaksjonar får du når folk høyrer kva for jobb du har?
– Fleire har sagt at dette må vere verdas finaste arbeidsplass, seier han og gliser.

Let det stå til

Kan dette vere trygt? Ein ting er sikkert: Her hjelper det ikkje med hjelm om kabinen skulle rase i bakken.
– Sikkerheita er høg. Her er det ingen slinger, forsikrar driftsleiar Arne Reme. Dei tilsette er sjølvsagt kursa på tryggleiken og har øvd på ulike kritiske situasjonar.

– Brann i kabinen er kanskje noko av det verste som kan skje. Vi har øvd på å fire folk ut frå kabinen og ulike former for driftsstans, seier Reme.
Vi let det stå til. Store vindauge i kabinen gir god utsikt over storslått natur. Og det er ingen tvil om at det bratt både opp og ned.
– Dette er den brattaste bana Garaventa har bygd, fortel Odd Rune Flo, marknad- og eventsjef for Loens nye turistattraksjon.
Ei bane i Sveits er brattare, og kanskje ei til i verda, men Loen Skylift er i alle fall på tredjeplass.

Kassaapparatet på plass

– Loen Skylift kan bli Norges fremste turistattraksjon dei næraste åra, skriv Fjord Norge på nettsida si. Selskapet leiar det internasjonale marknadsarbeidet for reiselivet i dei fire fylka på Vestlandet.
– Dette blir eit fantastisk produkt for Fjord-Norge og Vestlandet. Det utnyttar noko vi veit turistane ønskjer: Å bli lyfta opp i høgda, samtidig som dei vil bli aktivisert, seier Fjord Norge-direktør Christian Jørgensen til Sunnmørsposten.
Han meiner Loen Skylift blir eit ikon for reiselivet på Vestlandet, som skil seg frå andre ikon:
– Preikestolen og Trolltunga har kome bakpå med å tenke kassaapparat. I Loen er dei i forkant. Dei sikrar infrastrukturen, beredskap og kassaapparat. Dette er ein mykje meir berekraftig og rett måte å tenkje ikonutvikling på, seier Jørgensen.
Han trekkjer også fram at attraksjonen i Loen er med på å binde saman Unesco-fjordane Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, og den bind Ålesund og Bergen tettare saman.
– Briksdalsbreen har vel også fungert slik tidlegare?
– Ja, den har ei lang historie og har appellert til større grupper.

Med Loen Skylift får ein revitalisert og gitt eit nytt blikk på Briksdalsbreen og Olden.

Christian Jørgensen, direktør i Fjord Norge

Det blir ikkje billeg å ta seg til topps. Prisen for ein vaksen tur-retur blir på 485 kroner, og kring det halve for barn. Men prisnivået er det same som til dømes Flåmsbana og Fjord-Norge-sjefen trur ikkje folk lar seg skremme.
– Eg er heilt sikker på at Loen Skylift blir ein suksess. Vi ser allereie no korleis den internasjonale marknaden begynner å respondere, seier han og fortel at internasjonal presse ber om å få oppleve bana. Turoperatørane er svært interesserte og har lagt om og investert i nye tilbod der Loen Skylift er kjernen.

IKON: Loen Skylift er venta å bli eit turistikon på Vestlandet.

Upåvirka: Gondolførar Arne Reme har ikkje høgdeskrekk.

For Robin Midbøe er turen allereie rutine etter fleire månader med testkøyring.

Utan høgdeskrekk

Vel oppe på toppen er ein av journalistane inne på tanken om å gå tilbake, men slår raskt frå seg ideen. Det vil ta for lang tid. Dermed er det berre å la det stå til utfor fjellsida igjen.
– Du får halde deg i bakkant, men det er framme som gir best utsikt, seier Reme.
Sjølv er han heilt upåverka.
– Eg har ikkje eit snev av høgdeskrekk eller redsel, seier han.
Vi går med maksfart, som er sju meter i sekundet. Turen tek om lag fem minutt.
Det er to kabinar på den elektriske pendelbana. Batteria til kabelvogna blir ladda kvar gong kabinen er inne på ein av stasjonane.
Medan det på turen opp er stille og jamn rørsle, merkast vind på ni meter i sekundet godt på turen ned. Men det er ingen fare. Bana taklar langt sterkare vind enn dette, får vi vite.
Kvar kabin har ståplass til 45 personar. Teoretisk sett kan ein frakte 430 personar i timen, men i realiteten er dette umogleg, sidan folk også skal gå av og på. For å gi folk ei best mogleg oppleving meiner Reme at dei må unngå stappfulle kabinar.
– Viss det ikkje er mykje kø, må vi ha færre personar i gongen, slik at dei som er med får sjå godt.
Ti-tolv personar vil ha arbeidet sitt berre på pendelbana som vil gå frå tidleg til seint i høgsesongen. Det må til ei kvar tid vere fire på jobb for å styre bana.
Gondolbana har dei siste vekene køyrt mange turar med folk som arbeider på anlegget. Ørstingane Gunnar Engeset og Christer Øyre er på jobb for å legge ut 80 meter flytebrygge ved fjordstasjonen. Og dei er fulle av lovord etter prøveturen til topps. Christer Øyre har gått Via Ferrata tidlegare. Klatrestien fører til Hoven, der ein kan ta bana ned igjen.

Imponert: Ørstingane Gunnar Engeset og Christer Øyre er imponert over utsikta og anlegget i Loen etter første prøvetur til toppen.

Imponert: Ørstingane Gunnar Engeset og Christer Øyre er imponert over utsikta og anlegget i Loen etter første prøvetur til toppen.

– Dette var fantastisk. Det var ein fryd å sjå denne utsikta.

– Det var veldig spektakulært. Eg har gledd meg lenge til denne turen. Eg kjende det krible. Ja, det var kjempekjekt.

Gunnar Engeset og Christer Øyre

Video: Bli med gondolfører Arne Reme utfor stupet.

Cruiseturistar

Loen Skylift budsjetterer med 40.000 personar reisande i år. Ein heil del av dei 150.000 cruisepassasjerane som kjem til Olden, vil ta turen opp på Hoven.
– Vi veit er at det er svært god interesse og mottaking, men det er ein langsiktig jobb å få avtaler med cruiseoperatørar. I år blir det meir ad hoc, seier marknad- og eventsjef Flo.
Tanken er at turistar skal kome med tenderbåtar den korte vegen frå cruisekaia i Olden og legge til ved flytebrygga i Loen. Andre vil kome med bussar. Opplevinga startar allereie ved fjordstasjonen, med utsikt til pendelbana og fjellsida til høgfjellsrestauranten på toppen. Fjordstasjonen skal ha kiosk, uteservering og sal av suvenirar og sportsutstyr.

Turveg og aktivitetar

Bana er ein attraksjon i seg sjølv, men oppe på toppen er det laga skikkeleg turveg slik at også rullestolbrukarar kan kome seg til fjells. Førebels er det ikkje blitt rom til å gjennomføre alle visjonane i prosjektet med ein prislapp på 300 millionar, men planen er å utvikle området for fleire aktivitetar.
På toppen ligg ikkje minst den nybygde Hoven restaurant, som Jarle Grov er sjef for. Restauranten har plass til over 300 gjester, som kan nyte spektakulær utsikt gjennom store vindauge.
Herifrå har ein utsyn mot fjellet Skåla, Lovatnet og Ramnefjellet. Du ser breplatået på Jostedalsbreen, Briksdalen og Ceciliekruna. Ut over fjorden ser du til Blaksetbygda, og du ser jamvel ein bit av Hornindalsvatnet mot Navelsaker.

Hugin og Munin

Det er stupbratt utfor fjellet. Turistar som ikkje er vande med fjell, vil kanskje vere freista til å gå utpå for å sikre seg det beste bildet. Men på taket av restauranten kan ein trygt nyte utsikta innfor rekkverk i glas, som «lenar» seg ut frå toppen.
Ifølgje segna skal den norrøne guden Odin ha reist forbi Loen, og at det karakteristiske hakket i fjellet kjem frå eine hoven til hesten Sleipner.
– Så får ein tru det om ein vil, smiler Jarle Grov.
Odins ramnar Hugin og Munin har gitt namn til dei to kabinane på pendelbana. Og i fjellsida nedanfor restauranten på toppen, hekkar faktisk eit ramnepar – tilsynelatande uforstyrra av byggeaktiviteten.

Utsikt: Frå takterrassen kan Jarle Grov sjå Lovatnet (til venstre), Auflemfjellet midt på bildet og Nordfjorden og Olden til høgre. Her ser ein også Jostedalsbreen. I etasjen under kjem restauranten der ein mellom anna får servert kortreist mat frå Nordfjord Kjøtt som skimtast nede i Loen.

Video: Møt Jarle Grov på toppen av Hoven.

Kortreist mat

Restauranten vil tilby à la carte-meny og før servitøren har gått frå bordet, vil kokkane i den opne kjøkkenløysinga ha bestillinga.
– Vi tenkjer fjord, fjell og kortreist på menyen, seier Grov og peikar tusen meter ned på Nordfjord Kjøtt i Loen: – Her kan du snakke om kortreist mat!
På menyen står hamburgarar, pølser og kongeentrecote frå den lokale bedrifta – som også er mellom dei største aksjonærane. Delefjøl med ulike kjøttypar, sjøkreps frå Nordfjorden og fjellaure skal også på menyen. I tillegg blir tapas med lokal Nordfjord-skinke ein spesialitet.
– Og kjøkkensjefen har lyst til å byggje eit stabbur for spekeskinke, som kan modne ferdig her oppe, seier Grov.

Heimvendt: Jarle Grov flytta heim for tre år sidan og blir dagleg leiar for Hoven restaurant. Under restaurantbygget som er understøtta av solide pålar, har dei planar om ølkjellar og bryggjeri i røff stil. 

Heimvendt: Jarle Grov flytta heim for tre år sidan og blir dagleg leiar for Hoven restaurant. Under restaurantbygget som er understøtta av solide pålar, har dei planar om ølkjellar og bryggjeri i røff stil. 

Bryggjeriplanar

Han reknar med at restauranten vil ha 15–16 fast tilsette. Så vil ein fylle på med tilsette frå Hotel Alexandra – ein annan hovudaksjonær – etter behov.
Jarle Grov er frå hotellfamilien i Loen. Bror og hotelldirektør Richard, er initiativtakar for prosjektet. For tre år sidan flytta Jarle heim med kone og tre barn, og dermed er tre av fem søsken i familien tilbake i bygda.
Sjølv har han utdanning i eksportmarknadsføring frå Norges markedshøyskole i Oslo. I to år jobba han for Global Fish, men seinare har han jobba med reiseliv: I ti år for Radisson SAS, og i sju år har han drive eige reisebyrå, som har spesialisert seg på firmaturar til heile verda.
Når vi trur omvisinga er over, viser Grov veg inn ei dør og ned ei trapp. Han har ein ting til på lur. Vi kjem ut i friluft under golvet på restauranten.
– Her har vi lyst til å lage ein ølkjellar og brygge vårt eige øl. Vi ser for oss ein røff stil der berget er synleg i lokalet, seier han.
Allereie gir plassen ly for vêret, så får tida vise om gjestane får servert «fjelløl» om nokre år: – Det er i alle fall ein visjon, seier Grov.
Men først må dei bli klare til opninga 20. mai. Då skal alt ligge til rette for ei storslått opning med dronning Sonja til lunsj.

Lokalt: Gunnar Engeseth (t.v.) og Christer Øyre frå Ørsta er to av dei som bidreg til Hoven-prosjektet i Loen. Dei har jobben med å legge ut ei 80 meter lang flytebrygge levert av Vik Ørsta ved fjordstasjonen, men får vere med ein prøvetur opp i høgda. Dei er begeistra både over utsikta og bana.

Siste innspurt

Arbeidet med å byggje gondolbana i Stryn er snart ferdig. Av prisen på kring 300 millionar kroner endar minst 200 millionar i lommene på lokale bedrifter.
– Dette er eit stort oppdrag og ein kjempeartig jobb for vår del, fortel Inge Løseth innimellom arbeidsoppgåvene med å få på plass innreiinga i den spektakulære restauranten som snart opnar på kring tusen meters høgde i Loen.
Han er dagleg leiar i det vesle familieeigde Sykkylven-firmaet Confurn, som har fått oppdraget med å levere alt av møblar og interiør.
Dei har i årevis vore «hoffleverandør» til Hotel Alexandra nede ved fjordbotnen, og denne gongen har dei leigd inn fleire folk for å få alt på plass til restauranten som vil ha sitteplass til kring 300 personar.
Nokre meter vekke er kona, Elisabeth Sørvik, i full sving med å montere dei første av kring 50 bord.
– Det er rart å stå og montere møblar når alt det andre ikkje er klart, men det må vi gjere for å bli ferdige, seier Sørvik som er einaste kvinna som er i aktivitet i «maurtua» av arbeidsfolk.
Når «Loen Skylift» opnar 20. mai, må alt vere klart, for på opningsdagen kjem sjølvaste dronning Sonja til lunsj:
– Det er ikkje nokon tvil om at dette er eit prestisjeoppdrag, seier Løseth nøgd.

– Lokal verdiskaping

Å velje lokale leverandørar har vore eit vesentleg poeng for primus motor i prosjektet, Richard Grov.
– Det er heilt bevisst og handlar om lokal verdiskaping, tilknyting og identitet, påpeiker han.
Av den totale prisen på 300 millionar for kjempeprosjektet, anslår Grov at minst to tredelar går til lokale firma. Bygginga av sjølve gondolbana kostar 70 millionar og desse pengane går til sveitsiske Doppelmayr Garaventa. Men elles er ei lang rekkje med bedrifter frå Nordfjord og Sunnmøre med.
Her finn vi alt frå stålbjelkar frå Stryvo og flytebrygger frå Vik Ørsta, til sofagrupper frå Byggmøbler Sykkylven og bardisk frå Sula-bedrifta Limstrand Interiør. Og det er berre nokre døme.

– Vilje til å gjennomføre

Hovudentreprenøren HS Bygg kjem også frå Stryn. Anleggsleiar Åsgeir Tomasgard fortel at den lokale tilknytinga har gitt utslag i arbeidet.
– Det har vore heilt spesielt. Folk har vist ein enorm vilje til å gjennomføre arbeidet. Alle er opptekne av at vi skal kome i mål, og dei har møtt opp når vi har trengt dei. Om vi har trengt å ha ein støyp klar, så har dei møtt opp og jobba overtid om nødvendig, fortel han.
Lokale leverandørar handlar sjølvsagt også om kva som er praktisk, ikkje minst om ein treng hjelp i ein fei.
Om ein hadde hyra inn eit «utanbygds» firma til sjølve jobben, er det ikkje sikkert at den lokale konkurrenten er like villig til å stille på kort varsel om det oppstår ei krise.
– Og om lokale firma skal bli betre, må dei få levere til krevjande prosjekt, seier Tomasgard.

– Bygd på rekordtid

HS Bygg har sjølv gjort det omfattande – og svært krevjande – betongarbeidet. Tomasgard er ikkje i tvil om at dette er det mest omfattande prosjektet dei har vore med på.
Og av ein omsetnad på meir enn 100 millionar går mykje til underleverandørar, som mellom anna består av lokale røyrleggjarfirma, elektromontørar, ventilasjonsbedrifter og taktekkarar.
– Det har vore intenst, og alt er bygd på rekordtid. Nesten litt raskare enn vi likar, fordi det er vanskeleg å utnytte ressursane optimalt, seier han.
Heilt frå ideen om ein gondolbane med tilhøyrande turstiar kom på bordet, har det på mange vis vore eit unikt prosjekt. Satsinga er i ein skala ein knapt har sett maken til i reiselivet på Nordvestlandet. For dei som har utført arbeidet, har plasseringa på toppen av fjellet Hoven, gitt dei største utfordringane.
– Det har i stor grad vore eit logistikkprosjekt ettersom store delar skjer på ein fjelltopp der det er lite lagringsplass. Då er det viktig å få ting på plass til rett tid og at det er rett mengde, påpeiker Tomasgard.
– Og kjem dykk i mål til dronninga kjem?
– Ja, svarar han utan å nøle:
– Vi er i rute til opninga, men nokre småting vil stå att, mellom anna fordi det krev temperaturar som vi ikkje har på tusen meters høgde i mai, avsluttar han.


Tekst: Anne-Mari Tomasgard og Marius Rosbach
Foto: Nils Harald Ånstad
Ansvarleg redaktør: Hanna Relling Berg.

Sunnmørsposten arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine reglar for god presseskikk. Alt innhold er opphavsrettsleg verna
© Sunnmørsposten 2017.