Ei gruppe frå NHO blei så imponert då dei var på besøk i Ulstein torsdag, at næringslivsorganisasjonen allereie har skrytt av kommunen i Stortinget.

Med avtroppande NHO-president Tore Ulstein som vertskap, saman med Ulstein-ordførar og skulefolk, fekk NHO ei grundig innføring i korleis Ulstein satsar på teknologi og digitalisering i skulen.

Kan bli stengt ute

Om ein ikkje får med seg den kunnskapen, risikerer folk å bli stengt ute frå mykje av arbeidslivet i framtida.

Tone Standal Vesterhus jobbar med eit NHO-prosjekt som spesielt tek for seg kva som skal til for at jenter skal velje teknologi.

– Det unike i Ulstein er at satsinga skjer på skuleeigarnivå og omfattar alle elevar og lærarar. Det vil vi løfte fram som eit godt døme for andre kommunar, seier ho til smp.no.

Ho viser til at det blei gjort allereie torsdag då NHO var på Stortinget for å snakke om ei skulesak.

I åra framover vil dette auke, og NHO ønskjer at fleire veljar teknologifag.

– Pionerarbeid

Ulstein-skulane driv nybrottsarbeid på feltet og slepp teknologien «laus» i heile skulekvardagen.

– Ulstein kommune er ein pioner innan dette området sidan vår satsing ikkje berre handlar om utstyr og valfag, men at teknologi skal vere ein naturleg og integrert del av undervisninga gjennom heile grunnskuleløpet, opplyser ordførar Knut Erik Engh.

Engh påpeiker at satsinga er eit løft som krev store ressursar både økonomisk og på personalsida.

NHO-president døropnar

Leiinga i kommunen trekk fram at satsinga ikkje ville vore mogleg utan eit tett samarbeid med det lokale næringslivet.

Der har avtroppande NHO-president Tore Ulstein spelt ei rolle som pådrivar og døropnar, og han var stolt over arbeidet han kunne vise fram for sine NHO-kollegaer torsdag.

Satsinga inneber eit samarbeid med Høgskulen i Volda, som har laga eit utdanningsopplegg for alle lærarane.

NHO og næringslivet ønskjer at fleire – spesielt jenter – utdannar seg i teknologifag. Elevar ved Ulstein ungdomsskule var torsdag samla i auditoriet i samband med NHO-besøket. Foto: Ulstein kommune