Fleire tipsarar har teke kontakt med smp.no tysdag ettermiddag og lurt på om det var ei bergingsaksjon på gong ved Eidsnes i Sula.

Publikum opplyste at det hang ein redningsmann under helikopteret, men Hege Hegle ved Helse Møre og Romsdal kan opplyse at det ikkje er dramatisk.

– Det dreiar seg om ei øving, fortel ho til smp.no.

Øvinga var ikkje varsla og verken politiet på Sunnmøre eller 110-sentralen for Møre og Romsdal kunne opplyse om kva som skjedde.

Men politiet kan opplyse om at det er planlagd øving med ei redningshelikopter i Sykkylven-området, og 110-sentralen tvitra tidlegare tysdag at brannvesenet ville ha øving med utrykningskjøretøy i Ålesund og Spjelkavik.