Dermed er 159 år som eigarar av fylkets ferjer og båtar over for Sogn og Fjordane, melder NRK fredag. Møtet på fredag var ein rein formalitet, og var over på kort tid.

Sævik eig i dag 66 prosent av aksjane i Fjord1, og hadde opsjon på å kjøpe dei resterande 33. No vil han kjøperesten av aksjane innan kort tid, skriv NRK. Deretter har han sagt at han vil ta Fjord1 til børs til ein verdi på rundt tre milliardar kroner, noko som kan gi Sævik ein stor gevinst.

Fylkesordførar Jenny Følling har tidlegare sagt til Sunnmørsposten at dei vil sitte att med 1065 millionar kroner den dagen Sævik har kjøpt alle Fjord1-aksjane. Det vil bety at Sævik og Havilafjord totalt har betalt 1,4 milliardar kroner for heile Fjord1.

Per Sævik. Foto: Staale Wattø