Ifølgje rettsavgjerda frå Sunnmøre tingrett blei mannen arrestert av politiet 10. mai. Dagen etter blei han framstilt for varetektsfengsling.

Tingretten har gitt politiet medhald og fengsla mannen i fire veker, med brev- og besøkskontroll.

Nektar straffskuld

Den sikta på si side erkjenner ikkje straffskuld. Han har difor anka til lagmannsretten.

Mannen, som er frå eit land i Aust-Europa, er sikta etter straffelova § 232, første ledd, som gjeld grov narkotikakriminalitet og som har ei strafferamme på ti år.

Slik saka er framstilt i rettsavgjerda handlar det straffbare forholdet om GHB.

Tingretten har lagt vekt på vitneutsegner, spaning og tekniske bevis som knyter den sikta til den aktuelle GHB.

Retten viser også til at GHB er funne av politiet på eit loft som sikta disponerte og i ein bil som sikta har tilknyting til.

Pakka inn

Sikta skal sjølv ha oppgitt å vere eigar av om lag 70.000 kroner. Måten pengane er pakka inn på indikerer etter retten sitt syn at dette er pengar som er resultat av straffbare forhold.

Retten har gitt politiet medhald i fengsling, sidan det er frykt for at han kan prøve å kome seg ut av landet for å unngå straff. Han skal verken ha familie, fast bustad eller arbeid her i landet.

Det er også frykt for at han kan øydelegge bevis og påverke vitne, om han blir sett fri.

Politiadvokat Cathrin Remøy møtte som aktor då fengslinga var oppe i Sunnmøre tingrett. Ho ønskjer ikkje å seie noko meir om saka på dette stadiet i etterforskinga, men seier at saka handlar om Ålesund-området.