Oppdatering: Klokka 12 opplyser 110-sentralen at båten er meir eller mindre ferdiglensa og at den etterkvart vil bli tatt på land ved hjelp av kranbil.

Ein lystbåt - eller fritidsbåt var tysdag føremiddag i ferd med å søkke ved kai i Ørskog.

- Ørskog brannvesen er ute på berging av verdiar, melde Møre og Romsdal 110-sentral ved 11.30-tida.

- Dette skjer ved småbåthamna på Sjøholt. Folk som var forbi der såg at båten låg lavt - og melde frå. Brannvesenet er der med lenser og prøver å berge båten. Kor dette går veit vi førebels ikkje, sa brannmeister Aage Henriksen ved 110-sentralen, til smp.no.

Båten som tok inn vatn skal vere på rundt 30 fot. Det skal ikkje ha vore folk om bord.