– Aldri før har vi seld så mykje Strandaskinke som no. Hittil i år har vi hatt ein volumvekst på 15 prosent, seier Oskar Gjærde, direktør for forretningsutvikling.

Han gjev Fjellbris, den nye skinka med 25 prosent lågare saltinnhald, ein stor del av æra for salsauken.

– Marknadskampanjen for den nye skinka har verkeleg slått an hos kundane, seier han.

Grilstad AS Stranda investerte ca. 20 millionar kroner før dei kunne starte produksjonen av den nye skinka.

Flytta

Nesten samtidig har Tind Spekevarer flytta inn hos Grilstad og blitt ein integrert del av fabrikken.

19 tilsette følgde med på lasset, så no er det i alt 90 tilsette hos Grilstad på Stranda, fortel fabrikksjef Geir Johansen.

Sjølv om Grilstad har kjøpt Tind, så vil Tind sine varer framleis bli å finne i butikkane med sitt opphavlege namn.

For å få plass til alle varene og ekspedisjonen har Grilstad også kjøpt den gamle Brunstad-fabrikken på Stranda.

Der det før vart laga sofaer, er det no tonnevis med kjøtprodukt som skal ut i butikkane.

– Vi må nok etter kvart sjå på utvidingar her ved fabrikken vår, vedgår Johansen.

Grilstad AS Stranda har no ein marknadsandel på over 50 prosent for skiva skinke. Det betyr at dei i fjor selde 7,3 millionar pakkar med skinke.

I tillegg selde dei 2,5 millionar pakkar med Strandamør. Fenalår går også unna no.

Festmåltid

– Mai og juni er våre beste månader. Det er tida for festmåltid, forklarer Oskar Gjærde.

– De satsar på vekst. Er det mogeleg å selje endå meir skinke?

– Så absolutt. Nordmenn et ein halv kilo skinke i løpet av eit år. I Italia og Spania et dei over fire kilo kvar. Så vi har mykje å gå på.

– Ja, klarer vi berre å auke det til 0,6 kilo per person, så betyr de 20 prosent vekst, legg Geir Johansen til.

Medan det er få og store produkt frå Grilstad som er merka «Stranda», så er det 30 ulike produkt som det står «Tind» på. Alt blir laga i same fabrikk.

– Vi flytta produksjonen av eitt og eitt produkt frå dei gamle lokala våre. Det var litt av ein jobb. Eg håper eg slepp å gjere det fleire gonger, smiler salssjef Rune Lødøen.

Jan Pedersen (til venstre) og Rune Lødøen studere korleis det går med coppaskinka, som er det mest populære Tind-produktet. Foto: Terje Engås
Rune Lødøen var sjef på Tind Spekevarer. Han vart med over til Grilstad. Foto: Terje Engås