Ferjeselskapet Norled melde torsdag om at ferja mellom Volda og Lauvstad var forseinka på grunn av eit ambulanseoppdrag.

Det var om lag 20 minutt forseinking i sambandet. Dette ville vare noko utover formiddagen, ifølgje Norled, men før klokka ni torsdag morgon var det normal drift igjen.