Etter ti år med kunstgalleri på Flø i Ulstein er Hugo Opdal (50) like ivrig som då han starta opp i 2007. Han kallar Studio Hugo Opdal for «Verdens beste minste galleri».

– Stor begeistring og ein porsjon galskap. Og ingen forretningsplan. Det er oppskrifta mi, fortel Opdal, som tidlegare jobba som fotograf.

Dei nemnde ingrediensane i tillegg til pågangsmot og eit godt kontaktnett, resulterte i at Opdal fekk stille ut kunst av verdas mest kjende kunstnar, Damien Hirst, i galleriet på Flø i 2008. Det viste seg å vere eit svært godt grep for forretningane. Britiske Damien Hirst er anerkjend som ein av dei mest innflytingsrike kunstnarane i sin generasjon.

– Etter Hirst-utstillinga tok andre kjende kunstnarar til å ringe. Dei ville kome til Flø, smiler 50-åringen.

Blindveg

Picasso, Edvard Munch, Andy Warhol og Bjarne Melgaard har vore stilt ut i det vesle kunstgalleriet. Pushwagner, Magne Furuholmen, Nico Widerberg, Kenneth Blom, Knut Bry, Unni Askeland, Camilla Prytz, Morten Viskum og Håvard Vikhagen er blant andre utstillarar på Flø. Verk av 18 kunstnarar som tidlegare har vore utstilt, er med i jubileumsutstillinga som er å sjå i Studio Hugo Opdal denne og neste helg.

– Eg vil vise kunst som ein ikkje får sjå andre stader i Møre og Romsdal, og kanskje ikkje andre stader i Norge heller. Mi oppleving er at kunst er utilgjengeleg for mange, og det prøver eg å gjere noko med. Det gir meg stor glede å vise fram stor kunst – å invitere inn i eit univers som folk flest ikkje kjenner til.

Dronningbesøk

– Internasjonal presse har skrive om Studio Hugo Opdal fleire gonger, og litt overraskande er dei framleis interesserte, fortel Opdal.

– Dette er fantastisk! Men kan du leve av å drive eit lite kunstgalleri her ute, spør ein av dei besøkjande når Hugo Opdal viser dei rundt.

– Eg er ingen normal person. Eg elskar kunst og eg elskar Flø. Somme gonger har eg veldig godt sal, andre gonger er det ikkje så bra, svarer Opdal.

Galleristen har overraska mange med at han torer å tenkje store tankar, sjølv om han bur der han gjer. Han fortel om ein indre driv som ikkje let seg stanse.

– Vi har berre eitt liv, og eg vil ikkje køyre med handbrekket på – eg vil køyre i hundre. For meg er det viktig å leike og ha det gøy. Det er så forbanna seriøst alt!

– Ei ære

– Han bekymrar seg veldig lite, sjølv om han ofte har god grunn til å bekymre seg. Det er i grunnen heilt utruleg det Hugo har fått til her på Flø. Oftast er det slik at det er ei ære for staden at ein kunstnar kjem dit for å stille ut arbeida sine, men på Flø har det vorte ei ære for kunstnarar å få lov til å stille ut. Eg håper Flø-bygda tek vare på Hugo i framtida, slik som Hugo på ein måte har teke vare på bygda, sa Johannessen.

Leiar for Biletkunstnarane i Møre og Romsdal, Karin Augusta Nogva, trur at Studio Hugo Opdal på Flø har hatt mykje å seie for kunstinteressa på Sunnmøre. Ho meiner at Opdal har fått «mannen i gata» til å gå på kunstutstilling og til å snakke om kunst.

– Hugo har teke vågale grep med å vise store, kjende namn på vesle Flø, og eg kan tenkje meg at aktiviteten i og interessa for galleriet har verka inn på andre kunstinstitusjonar i regionen. Både Kunstmuseet Kube, KHÅK og Møre og Romsdal Kunstsenter opplever ein jamn auke i talet på besøkjande. Det er ikkje berre vaksne med ei ibuande kunstinteresse som oppsøkjer kunstgalleria, men også mange familiar med barn. Studio Hugo Opdal har vore god på å trekkje til seg eit breitt publikum og vere ein arena for alle, seier Nogva.

Studio Hugo Opdal står bak den årlege kunstivalen Go With The Flø. Då vert den vesle bygda gjort om til ein møteplass for kunst, musikk og moro. Også her legg Opdal lista høgt, og strekkjer seg etter verdskjende musikarar og kunstnarar. Kunstivalen vert arrangert i samarbeid med innbyggjarane på Flø.

Takkar bygda

– Bygdefolket er fantastiske som stiller opp år etter år, og dei har hjelpt meg med mange rare prosjekt. Då Magne Furuholmen laga eit lydverk der han spelte av brunsthyl gjennom verdas største horn, sprang kyrne på Flø løpsk. Det året var det passande nok lokale bønder som opna kunstivalen, fortel Hugo Opdal.

Hugo Opdal held fram samarbeidet han har med galleriet Rod Bianco i Oslo, og nyleg opna han «Norges smaleste galleri» i Ålesund – han kallar prosjektet for ein «kunstsatelitt».

– Eg ønskjer å gi folk noko ved å vise dei god kunst. Filosofien min er at dei mest utrulege ting kan skje om ein brukar begeistring som drivkraft.