Oppdatering: - Det er ikkje personskadar og politiet er straks ferdig på staden, opplyser politiet sjølv klokka 14.10. Med tanke på brot på vegtrafikklova blir det oppretta sak etter hendinga.

Politiet melde torsdag ettermiddag om ei trafikkulykke ved Eiksundbrua på fylkesveg 653.

- To personbilar og tre personar er involvert. Naudetatane er på veg til staden, heitte det på Twitter klokka 13.13.

Statens vegvesen opplyste kort tid etter at framkomsten var redusert som følgje av ulykka, og ifølgje Møre og Romsdal 110-sentral skulle dei materielle skadane vere små.

- Det er ikkje meldt om at nokon er alvorleg skadd i det som kan sjå ut til å vere resultat av ein påkøyrsel båkfrå, men dei involverte blir sjekka av helsepersonell på staden, sa operasjonsleiar Borge Amdam ved Møre og Romsdal politidistrikt til smp.no litt før klokka 13.30. Bilberging vart då oppgitt til å vere på staden i løpet av kort tid.