Etter at dronning Sonja hadde opna Loen Skylift nede ved fjorden, tok ho gondolbana opp til Hoven. Der avduka ho eit stort monument av ein hestesko. Då fekk tilhøyrarane høyre litt om kvifor fjellet heiter Hoven.
Det hadde seg slik at Odin, ifølgje ei segn, kom forbi Loen på hesten sin Sleipner. Hesten hoppa og traff fjellet, like under der det no er bygd restaurant. Eit stort merke visernenno i fjellet.
Spektakulære turar
Dronninga har vore på mange spektakulære turar i indre Nordfjord tidlegare. Første gong i 1979.Arne Hjeltnes intervjua henne på taket på restauranten - der er det flott utsikt over Nordfjorden og fjellheimen rundt.Dronninga fortalde om turar til blant anna Segestad ved Hjelle i Oppstryn, Jostedalsbreen, Skåla, Lodalskåpa og Hornindalsrokken.Ho fortalde også at ho hadde høgdeskrekk og hang i tau på turen til Lodalskåpa.
Dette gjorde at Sunnmørsposten stilte ho spørsmål om korleis ho opplevde turen med bana opp til Hoven:– Det var ikkje farleg i det heile teke, men eg stod ikkje heilt ytterst på restauranten her altså, smilte dronninga.
Imponert
Ho rosa arkitekturen på bygget. Og ho er imponert over det dei har fått til i Loen. – Dette er eit av flotteste områda i landet med store kontrastar. Høge fjell og frodige, grøne dalar.
Dronninga fekk spørsmål om ho ville ta med seg familien til anlegget, og då var svaret:
– Ja, om ikkje i sommar så iallfall ein annan gong.Ho hadde mange godord å kome med:
– Dette vil bety mykje for fjellivet, for regionen og for heile Norge. Det er fantastisk å ha fått til denne draumen. Og no vil mange fleire få oppleve den storslåtte naturen her.