Kulissane kunne knapt bli betre til opningsdagen for Loen Skylift, der dronning Sonja var heidersgjest og stod for offisiell opning av den nye reiselivsmagneten i indre Nordfjord. (krev innlogging)

Blomster og song

Den offisielle opninga av bana gjekk føre seg nede på fjordstasjonen, der svært mange hadde møtt fram. Dronning Sonja kom saman med pensjonert hotelldirektør Eivind Grov.

– Gratulerer med dagen. Dette er heilt fantastisk, sa dronninga då ho kom og helsa på blomsterbarna og offisielle representantar.

Vilde T. Nystøyl og Ian L. Nash frå Loen skule overrekte blomstrar til dronninga, før ho blei møtt av Richard Grov som er dagleg leiar i Loen skylift.

– Eg har klump i halsen. Hadde ikkje sett for meg at så mange ville møte opp, sa Richard Grov før opninga, og han la til:

– Eg er veldig stolt over å kunne vise fram bygda og Loen Skylift og ta imot dronninga i slikt flott ver.

(Teksten held fram under bildet)

Opna Loen Skylift Her er dronning Sonja og Richard Grov. Foto: Staale Wattø.

Stryn-ordførar Sven Flo, kledd i Nordfjord-bunad og ordførarkjede, la i talen sin vekt på at ein draum er blitt røydom, takka vere det han omtalte som nokre sprø karar i Loen.

– Eg er imponert over det lokale engasjementet. Dette er eit nasjonalt prosjekt med internasjonal sprengkraft. Ein draum er blitt verkelegheit, nærast ropte ein entusiastisk Stryn-ordførar, Sven Flo, då han talte ved opninga.

Flo sa vidare: – Det nyttar å vere framoverlent. Det nyttar å tru på noko. Det er ein del av folkesjela i denne fantastiske kommunen og i Loen. At dronninga takka ja til å opne understrekar kor stort dette prosjektet er.

Flo la også vekt på at dagen ikkje hadde vore mulig utan Richard Grov med sine gode hjelparar.

Trykte på knapp

Offisiell opning skjedde ved at dronninga trykte på ein knapp, dørene opna seg og ho fòr oppover med bana, som går bratt opp til fjellet Hoven, vel 1000 meter over havet.

Ved fjordstasjonen medverka også gruppa «Indigo Child» frå Nordfjordeid, blant anna med "Nordfjordsongen". Barn frå Loen skule tok "Vestlandet" - vinnarmelodien frå Melodi Grand Prix Junior.

Avdukar minnesmerke

Oppe på Hoven fekk dronninga sjå utsynet frå takterrassen på restauranten, der det er eit spektakulært utsyn mot Nordfjorden, Jostedalsbreen og fleire av fjella dronning Sonja har gått på tidlegare.

Arne Hjeltnes intervjua dronninga om turar ho har vore på i fjellheimen rundt Loen, før ho avduka minnesmerket «Fotspor» ved kartpunktet Hoven.

Lur og stev

Frå programmet tek vi også med at Leif Vinsrygg spelte lur, gruppa «Sol i Skuggeskog» song «Fjelltur» og born frå Loen skule song ein song laga i høve opninga: «Hoven Loen Skylift 2017»

Gjestene blei servert trerettars lunsj i den nye restauranten. Her var pressa ikkje invitert, men av programmet ser ein at styreleiar i Hoven Loen, Leif Riksheim frå Ålesund, ønskte til bords.  Arne Hjeltnes, leia programmet, som inneheldt både stev, songar og intervju.

Sven Flo og Richard Grov følgde dronninga ned med bana og gjekk med henne tilbake til hotellet, ifølgje programmet.

Laurdag kveld spelar gruppa Highasakite for fleire hundre personar på Hoven.