Likevel er det ikkje sett av ei krone til ny asfalt her i år. Og ny veg er ikkje prioritert.

– Sånn som vegen er no er han rett og slett uforsvarleg å køyre på. Eg kan ikkje forstå at det er nokon veg i Norge som er verre enn denne, seier Jan Egil Aure.

Han er transportsjef i Ekornes. Møbelkonsernet har fabrikkar både i Sykkylven og Hornindal, og sender dagleg store bilar på vegen.

Aure fortel om ekstra stor slitasje på bilparken på grunn av den dårlege vegstandarden.

Også Einar Arve Nordang, logistikksjef hos pizzafabrikken til Orkla på Stranda, er oppgitt:

– Vi sender dagleg frå oss sju store køyretøy, kvar med 23.760 pizzaar. Tre-fire av desse køyrer via Hornindal.

Nordang fortel at dei andre vogntoga køyrer i staden Romsdalen, på grunn av den dårlege vegen både gjennom Hornindal og opp mot Strynefjellet.

– Denne omkøyringa kostar oss både tid og pengar.

– Kva seier pizzasjåførane?

– Dei seier at vegen gjennom Hornindal er heilt forferdeleg.

Det seier også ordførar Stig Olav Lødemel (H), som tek oss med på ein biltur langs fylkesveg 60. Med på turen er også Ove Fagerheim, ein brukar av vegen som sist helg la ut skrekkbilete av vegen på Facebook.

Respons

– Eg har fått ein utruleg respons. Det er svært mange som har kommentert og delt bileta, seier Fagerheim.

Han køyrer her kvar dag og oppdagar stadig nye sprekkar og hol i vegen.

– Ny veg gjennom Hornindal vart degradert på prioriteringslista i Sogn og Fjordane i 2014. Etter det er det korkje politisk eller byråkratisk vilje til å gjere noko som helst, seier Lødemel.

– Haldninga deira er nemleg at dette er ein veg som går ut av fylket, ikkje inn, legg han til.

At det ikkje er ein veg som berre går ut av fylket, meiner han den store turisttrafikken er eit godt døme på.

Fryktar bussulykker

For hundrevis av bussar fraktar kvar sommar turistar frå dei mange skipa som kjem til Hellesylt.

Bussane køyrer turistane gjennom Hornindal og Stryn, via Strynefjellet til Geiranger.

Med tanke på bussulykka i Valldal i fjor sommar fryktar brannsjef Ståle Hatlelid ei liknande ulykke i Hornindal:

– Skrekkscenariet er at dårlege vegkantar skal gje etter for ein buss, anten det er med skuleelevar eller turistar. Då kan vi få ei alvorleg ulykke her også, seier brannsjefen i Hornindal.

Ordførar Stig Olav Lødemel har sendt bileta til Ove Fagerheim vidare til både politikarar og vegbyråkratar.

Ei av dei som fekk elendet inn på mobiltelefonen sin er Tone Anette Espe. Ho er konstituert seksjonsleiar i Statens vegvesen.

– Strekninga ligg ikkje på lista over dei som får nytt dekke i år. Men derimot neste år, seier Espe, som vedgår at vegen lenge har vore ei utfordring.

Dina Lefdal, fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane, seier til avisa at det er mange dårlege vegar i fylket. Ho kjenner ikkje til at denne vegen er verre no enn før.

– Ny veg her vil ikkje bli prioritert frå vår side, seier Lefdal, med henvisning til at Hornindal om få år er ein del av Møre og Romsdal.

Den argumentasjonen kjøper ikkje ordføraren i Hornindal:

– Den negative haldninga til denne vegen starta lenge før vi gjorde eit slikt retningsval her Hornindal. No kan dei svare at dei ikkje vil satse på denne vegen, fordi han snart ikkje lenger blir liggande i Sogn og Fjordane. Men dei har trenert denne saka i fleire år, så det kallar eg for eit vikarierande argument, svarer Lødemel.

Sjølv om asfalt vil rette på noko, er han klar på at ei endeleg løysing berre er ny veg.

TUNGTRAFIKK: Store vogntog køyrer dagleg gjennom Hornindal. No fryktar ein at dårlege vegkantar skal gje etter og føre til ulykker. Foto: Terje Engås
SMULDRAR: Vegkanten smuldrar opp og spor av kvitstripa ligg igjen på lause bitar som har hamna i grøfta, viser Ove Fagerheim (til venstre) og Stig Olav Lødemel. Foto: Terje Engås