– Det er ikkje nokon lineær utvikling dette. Dei bruka som er tilbake er betydeleg mykje større og driv på dei som er nedlagde. Men desse eksisterer ikkje lenger som føretak, seier leiar i Møre og Romsdal Bondelag, Oddvar Mikkelsen.

70.000 dekar utan drift

– Faktum er at siste 15 åra er 70.000 dekar jord gått ut av drift i Møre og Romsdal.

Mykje av jorda på dei nedlagde bruka er ikkje i drift fordi bøndene som vil drive bur så langt unna at det ikkje er økonomisk interessant. Fram til 2007 kom i snitt ca. fem dekar jord ut av drift per nedlagde bruk. I perioden 2007–2013 var dette snittet auka til 18 dekar per nedlagde bruk.

Av det er ca. 20 prosent ombygt til andre føremål. 80 prosent er lagt brakk på grunn av at det er ikkje økonomisk attraktivt å halde på med dette, seier Mikkelsen.

70.000 dekar er det same som 70 km². Til dømes er heile Sula kommune sitt areal 58 km².

Geiranger gror att

Den seinare tid har Geiranger vore i fokus i media der gjengroing trugar statusen som verdsarvområde.

– Nedlegging skjer ikkje berre der. Mange andre stader er truga av nedlegging. På store delar av ytre søre Sunnmøre er det få bruk igjen. Nedgangen er størst ved kysten, opplyser Mikkelsen.

Sveits gir støtte til bruk

– I Sveits betalar staten folk for å ha «kyr i hagen»?

– Dei er ikkje så fokusert på produksjon men effekten på omgivnadane; kulturlandskapet. Der har dei gått over til støtte til driftsform i staden for produktmengde. Jo høgare over havet og jo brattare terreng desto meir støtte. Det har skjedd ei dreiing om kven som får mest pengar.

Mikkelsen seier Bondelaget er interessert å gå i same retning, men ikkje fullt så dramatisk som i Sveits.

– Men det er ikkje regjeringa interessert i. Det ser ein av årets jordbruksoppgjer. Regjeringa fører same line som før. Dei fører ein landbrukspolitikk langt ute på høgre fløy, meiner han.

– Endra jordbruksmeldinga

– Ei ny stortingsmelding om jordbrukspolitikken vart vedteken i Stortinget rett før jordbruksoppgjeret. Den legg overordna føringar for framtidas jordbrukspolitikk. Jordbruksmeldinga blei kraftig endra i høve til det som først blei lagt fram for Stortinget av regjeringa. Regjeringa og landbruksminister Jon Georg Dale, meiner deira tilbod er i tråd med jordbruksmeldinga, medan vi meiner Stortinget har kravd større inntektsauke og kraftigare satsing på småskala distriktslandbruk seier Mikkelsen.

Det blei som kjent brot i jordbruksforhandlingane.

– Stortinget må seie sitt

– No må Stortinget på bana og seie kva dei eigentleg meinte i jordbruksmeldinga.

Det er forslag i Stortinget om auka rammeoverføringar. Kor det ender veit vi ikkje. Dei startar behandlinga av dette i næringskomiteen tysdag eller onsdag og det heile skal i Stortinget for plenumsvotering 16. juni.

Viss fleirtalet krev at regjeringa endrar tilbodet til jordbruket kan det bli nye forhandlingar. Men det verkar ikkje som om nokon av partane er interessert i det. Eit alternativ nummer to er at Næringskomiteen føreslår nye rammer. Det tredje alternativet er eit tilbod frå regjeringa, seier Mikkelsen.

Han syner til at Jordbruksmeldinga er statens overordna plan.

– Stortinget er klar over den prosentvise utviklinga, men konstaterer at jordbruket ligg langt etter når det gjeld inntektsgapet i høve til andre. Dale tilbyr ei auke på 8100 kr som gir litt mindre enn prosentvis lik vekst medan andre grupper da får ein auke på 16700 kr. Vi meiner Stortinget har vedteke at vi skal ha meir enn dette, seier Mikkelsen. No blir det opp til Venstre og KrF å klargjere kva dei har meint i Stortingsmeldinga. Når regjeringa og landbruket tolkar så ulikt kan ikkje begge ha rett.

Ikkje økonomisk: – Det er i ferd med å bli for få jordbruk. Ein treng eit visst tal på menneske. Men ein klarer ikkje å få økonomi i det, seier Oddvar Mikkelsen, leiar i Møre og Romsdal Bondelag. Foto: Knut Arne Aarset Foto: Knut Arne Aarset