Prisen for Ulstein si nye storstore er komen opp i 300 millionar kroner. Anlegget blir dermed ein god del dyrare enn rekna med. Men når kommunen for første gong skulle vise fram bygget, var det ikkje dette som var tema.

– Dette blir eit fantastisk anlegg. Første gongen eg var her var eg heilt gåen i kjakane. Eg gjekk berre og smilte, fortel Leif Ringstad, som er kultursjef i Ulstein kommune.

Idrett og bøker

Elleve år etter at planlegginga starta, nærmar det seg innflytting i Ulstein si nye storstove. Her blir det symjeanlegg, terapibasseng, idrettshall, klatreområde og eit spennande, og nytenkjande bibliotek.

– Biblioteket får fokus på å vere ein møteplass og integreringsarena, like mykje som ein kunnskapsarena, fortel biblioteksjef Mana Iren Auganæs.

Vil klatre og symje

Rundt 60 arbeidarar frå ulike firma jobbar for fullt i anlegget, og tysdag var det invitert til kranselag og feiring.

Johannes Osnes Låbakk frå Flø er lærling i Tussa installasjon. Han meiner anlegget blir flott når det blir ferdig.

– Eg er aktiv sjølv og vil vere her og klatre og sikkert også bruke symjehallen, seier han.

Namnebyte

Fram til no har prosjektet blitt kalla Arena Ulstein, men ifølgje Ringstad blir namnet etter alt å døme Ulstein Arena.

Plasstøypt betong er eit viktig element. Elles blir det brukt mykje treverk, og det får litt 70-talspreg. Tre og filt skal også vere lyddempande, slik at det blir gode rom å vere i sjølv med mykje folk.

Det er også lagt vekt på lys og å ta naturen inn i anlegget.

Rune Urke er byggjeleiar og fortel at symjeanlegg er noko av det mest kompliserte ein kan byggje.

– Det er eit komplisert bygg. Mykje hardt arbeid ligg bak, og meir blir det før det blir ferdig, seier Urke.

Skeptisk til høg kostnad

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) var kritisk til storleiken på bygget før vedtaket:

– Eg har heile tida sagt det er eit flott prosjekt, men eg har vore kritisk til den store totalkostnaden på bygget, med tanke på at vi alt har høg gjeld, seier han og legg til:

– Det blir fantastisk flott, og vi skal gjere det vi kan for at dette blir størst mogleg suksess for Ulstein.