– Ojsann, det er så lenge sidan. Eg må ærleg innrømme at eg ikkje hugsar så veldig mykje frå sjølve kampen. Eg hugsar vi vann og at eg fekk skryt av Magne Hoseth etter kampen, og det var ganske stort den gongen, seier Myklebust til Sunnmørsposten.

Se kampen direkte kl 18.00: Hødd - Molde

– Typisk Yttis-scoring

– Han stod på bakarste stolpe og fekk score enkelt frå kort hald. Det var ikkje ei spesiell scoring, ei typisk Yttis-scoring med andre ord, seier Hødd-trenar Sindre Eid, som sjølv starta den kampen.

Hødd tok seg greitt vidare til 2. runde etter at dei slo Spjelkavik 4–1 på Høddvoll. No ventar det tøffare motstand i Molde.

– Molde har vore inne i ei vanskeleg periode, sjølv om dei tok ein sterk siger mot Odd. Det gjer noko med sjølvtilliten din når det går dårleg så lenge, og dei fekk heller ikkje ei god oppleving i førre cuprunde mot Volda, seier Myklebust.

I den kampen leia Molde 2-0, men Volda kom tilbake med to scoringar. Åtte minutt før slutt scora Sander Svendsen sigersmålet.

Vil vere offensive

– Som 2. divisjonslag har vi ikkje noko å tape mot Molde, som eg trur fryktar denne kampen. Vi skal vere offensive og gjere det vi kan for å slå dei ut. Vi har tre strake sigrar og er skikkeleg på gang igjen, seier Hødd-spissen.

– Eg tek gjerne ei reprise frå 2002-sesongen. Det er ein enkeltkamp der vi berre skal gi full gass og klinke til, for vi har ikkje noko å tape. Vi skal ha ei offensiv innstilling til kampen, seier Hødd-trenaren.