– Konsekvensane av at vi blir liggjande er alvorlege for oss, fortel Kristin Remøy, som har tittelen dagleg leiar.

Men tankane går mest til mannskapet og deira pårørande heime. Dei fleste av dei 17 om bord, kjem frå Sunnmøre. Den daglege leiaren fortel at det dreiar seg om soner av venninner og sonen til Olav Remøy, skal etter planen om bord sjølv til sommaren.

Held kontakta heim

Sjølv om dei påpeiker at situasjonen ikkje er dramatisk, gjer det kvardagen vanskelegare – ikkje minst for dei heime.

– Det er slike ting som at ein av dei om bord skulle ha barnedåp som måtte utsettast, fortel Kristin Remøy.

(saka held fram under bilde)

Ho påpeiker at mannskapet likevel har det greitt om bord, og får halde kontakta med det heime.

– Situasjonen er krevjande og vanskeleg, men vi har eit fantastisk mannskap. Og eg er heilt imponert over skippar Kjetil Ervik over korleis han har takla denne situasjonen. Det er han som har ansvaret for mannskapet der oppe. Å ta situasjonen med ei slik ro, er godt gjort, meiner ho.

– Driftar alt i lag

Landorganisasjonen til Remøy Havfiske består av henne og broren Olav som er styreleiar, saman med Terje Kvalsvik som har ansvaret for den tekniske biten.

– Vi driftar alt i lag og det blir også utfordringa vår når det kjem ei slik krevjande sak. Vi er små, påpeiker ho.

Reiarlaget har no to båtar i drift. Ved sidan av trålaren Remøy har dei Nordsjøbas som driver pelagisk fiske. Det seier seg sjølv at inntektene frå trålaren som no er i arrest, utgjer ein betydelege del av omsetnaden til selskapet. Organisasjonen Fiskebåt har opplyst at tapa utgjer om lag ein halv million kroner dagleg for mannskap og reiarlag.

I tillegg til dei økonomiske utfordringane, er det mykje praktisk som skal gjerast – og søskenparet rosar Fiskebåt for god hjelp.

(saka held fram under bilde)

– Heftig investering

Så seint som i fjor kjøpte selskapet trålaren med fiskerirettar frå Åge Remøy. No har reketrålaren vore fast i Murmansk i om lag to veker.

– Det var ei heftig investering for oss, men vi kom oss i drift og dette har fungert fint med både båten og eit suverent mannskap. Så pang! Så lyfta sjøen seg og så sitt vi i det, fortel Kristin ope.

Foto: Fiskebat.no

Russiske styresmakter har lagt på bordet eit kausjonskrav på 90 millionar. Olav Remøy meiner situasjonen er uverkeleg.

– Vi var på ingen måte budd på at slike tal skulle komme på bordet, seier han.

– Er det overhovudet mogleg for selskapet å reise eit slikt beløp?

– Det er slike beløp at det er utenkelig, og det er også urimeleg fordi vi har hamna i situasjonen uforskyldt, påpeiker han.

Sjå video: Meiner styresmaktene må løyse krisa