For noverande rektor, Johann Roppen, gjekk til val på at skulen i Volda skulle vere sjølvstendig. Og same haldning har dei tidlegare rektorane hatt. Det likar dei seks medielærarane dårleg.

– Det er et åpent spørsmål om det har vært en strategi til det beste for høgskolen, skriv dei seks, Rolf Werenskjold, Svein Brurås, Turid Øverbø, Erling Sivertsen, Jan Arne Halvorsen og Andres Mänd, i eit ope brev til styret ved høgskulen.

Dei legg til at det er ein aukande intern uro ved fagmiljøet på skulen over den situasjonen skulen no er i.

Fryktar Bergen

I vel eit år har Høgskulen i Volda hatt ein samarbeidsavtale med Universitetet i Bergen. Det er ein avtale som ikkje er tenleg for skulen i Volda, meiner dei seks lærarane.

– Sett med mediefaglige øyne er de negative sidene ved en eventuell sammenslåing med Universitetet i Bergen åpenbare. De har konkurrerende medieutdanninger og prosessene i tilknytning til Media-City har kommet for langt til at det mediefaglige miljøet i Volda vil kunne påvirke den.

–  Vi vil dermed komme i en direkte konkurranse om studentene med den situasjonen som man eventuelt skulle slå seg sammen med. Da er også faren for at utdanningstilbudet i Volda vil kunne komme under press. Vi vurderer også at lærerutdanningens rolle ved Universitetet i Bergen kan utgjøre en fare for Høgskolen i Volda, skriv dei seks.

Vil til Trondheim

Dei strekar under at skulen i Volda har ingen ambisjonar om å bli eit universitet, men at dei bør ha ambisjonar om å bli ein del av eit universitet. Og det universitetet har medielærarane funne i Trondheim, ved NTNU.

– Faglig har NTNU mange elementer som kunne ha styrket de mediefaglige utdanningene i Volda – både teoretisk og teknisk. Samtidig har mediefag i Volda noe som NTNU i Trondheim ikke har: en praktisk rettet journalistikk, dokumentar, PR og animasjonsutdanning. I en fusjon med NTNU vil vi bli svært sterke og konkurransedyktige overfor Media-City i Bergen, samt overfor journalist- og medieutdanningen i Oslo, meiner brevskrivarane.

Uhaldbar situasjon

Dagens situasjon, der berre høgskulane i Volda, Molde og Østfold står att som sjølvstendige,  meiner dei er uhaldbar:

– Vi er snart helt alene. Er dette en ønskelig situasjon og uttrykk for at man virkelig har lykkes med den strategien man har valgt, eller har høgskoleledelsen gjennom denne prosessen parkert Høgskolen i Volda på et institusjonelt og politisk sidespor som på lengre sikt vil kunne true selve høgskolens eksistens? spør dei seks medielærarane.

Overraska rektor

Rektor Johann Roppen seier han er overraska over at det kjem eit slik utspel no.

- Det er mange år sidan NTNU var eit alternativ som vart diskutert på denne måten, og eg meiner det både er for seint no - og vidare at det ikkje er spesielt godt grunngjeve. Det vil overraska meg mykje om dette blir noko av, seier han i ein kort kommentar.