Det var nettstaden nett.no som først meldte om saka. Herøy-båten «Remøy» har lege i arrest i to veker i Murmansk. I dag kan altså ni av mannskapet på 17 reise heim.

Mannskapet har sjølv avtalt kven. Dei fleste av dei 17 om bord kjem frå Sunnmøre.

Nokre må vente

– Unntaket er for dei som er i sertifikatpliktige stillingar. Dei må få avløysar på plass før dei kan forlate båten, seier skipper Kjetil Ervik til nett.no.

Tek buss til Kirkenes

Skipper Ervik fortel til smp.no at dei ni no er på veg i minibuss til Kirkenes. Der skal dei overnatte til i morgon, før dei reiser heim.

– Det er i regi av konsulatet. Ein sjåfør og ein representant frå konsulatet blir med dei, seier Ervik.

Det er umogleg for skipperen å seie noko om situasjonen er i ferd med å løyse seg totalt sett.

– No er båten strippa ned til det minimume vi må ha med tanke på sikkerheit. No har vi akkurat med folk slik at vi kan reise heim når den beskjeden kjem, seier skipperen.

Han fortel at det er god stemning blant mannskapet, og det var dei ni med størst behov som fekk reise.

Store summar

Det seier seg sjølv at inntektene frå trålaren som er i arrest, utgjer ein betydelege del av omsetnaden til selskapet. Organisasjonen Fiskebåt har opplyst at tapa utgjer om lag ein halv million kroner dagleg for mannskap og reiarlag.

Så seint som i fjor kjøpte selskapet trålaren med fiskerirettar frå Åge Remøy. No har reketrålaren vore fast i Murmansk i om lag to veker.

Dette er saka

Trålaren var på veg ut av russisk sone onsdag i førre veke då russiske inspektørar kom om bord. Dei sjekka fangsten opp mot lisenspapira og tok båten med til Murmansk. Russiske styresmakter har lagt på bordet eit kausjonskrav på 90 millionar. Olav Remøy meiner situasjonen er uverkeleg.

Direktoratet kryssa feil

Fiskeridirektoratet har sagt at dei ved ein feil ikkje kryssa av for rekefiske for Remøys søknad til russiske myndigheiter.

LES ALT OM SAKA HER

Murmansk: Mannskapet på «Remøy» har det bra, men begynner å bli lei av å ligge i Murmansk. Bildet er teke 17. mai. Framme frå venstre Joakim Nerland og Jermund Hide. Bak frå venstre Kåre Elvesæther, Berit Johanne Håvoll, Joakim Djupvik, Håvard Vågsholm Sævik, Robin Røssevold og Joar Nerland. FOTO: Privat Foto: innsendt