Det seier Jacob Rørvik som saman med broren Espen og Sindre Rørvik har bygd ein splitter ny ammekufjøs i Rørvika på Vigra. Jacob er heiltidsbonde, medan legen Espen og flygeleiaren Sindre er bønder på deltid. Vi forstår at «gamlefolket» også er aktivt med i arbeidet.

Flotte dyr

– Veldig triveleg å vere saman med desse flotte dyra, seier Samund Rørvik, far til Jacob og Espen. For dei som har reist til og frå Vigra nokre år, er Samund eit kjent fjes på flyplassen. No er han pensjonist, men i full sving i den nye fjøsen.

Ammekyr Kalvane får amme til dei er sju – åtte månader gamle, og dei går fritt rundt i fjøsen og får servering når dei vil.

Tysdag denne veka var Jacob og Sindre vertskap for ein fagdag som hadde samla mange som var interesserte både i ammekuproduksjon og fjøsbygging.

– Når vi drikk mindre mjølk og har for lite storfekjøt, er dette ein bra måte å produsere kjøt på, seier Olav Martin Synnes i Norsk Landbruksrådgivning på Sunnmøre.

Synnes er også glad for at unge folk satsar slik dei tre Rørvik-karane har gjort.

Fjøsdraumen

Jacob og Sindre fortel at tanken om å bygge ein samdriftsfjøs kom for fire–fem år sidan.

– Det var Sindre som spurte om vi ikkje skulle bygge fjøs saman, seier Jacob.

Eg hadde drøymt om å bygge ny fjøs i mange år, men var ikkje heilt klar for samdrift. Men tanken modna meir og meir, og for to år sidan sette vi i gong.

I mellomtida hadde Espen Rørvik kjøpt nabobruket «Karigarden» slik at tomtespørsmålet også løyste seg.

110 kalvar i året

Ammekuproduksjon betyr at kalvane får amme mora fram til dei er sju-åtte månader gamle. I Rørvika reknar dei med å ha 110 kalvingar i året. I vår skal det komme 53, og 47 har alt sett dagens lys i «fødeavdelinga» i den eine delen av fjøsen.

– Alle var levandefødde, skyt ein stolt Samund Rørvik inn, som også gjerne vil vise fram den eine av dei tre avlsoksane som skal sørge for nye generasjonar.

– Her er det ingen inseminasjon. Alt går etter naturmetoden. Dette er ein kar som både har rutine og kapasitet, ler Samund og klør den imponerande oksen bak øyret.

Besetninga i Rørvika er av den franske storferasen Limousin.

Sindre og Jacob fortel at det har vore ein voldsom prosess å bygge den nye fjøsen.

– Vi hadde planlagt mykje eigeninnsats – mellom anna skulle vi ta all støypinga. Eg er glad for at vi droppa den tanken, seier Sindre.

Men alt grunnarbeidet har dei tatt seg av sjølv. Ikkje reint lite berre det, forstår vi. Dei tre har investert 9,3 millionar kroner i prosjektet.