– I dag har vi opna vegen heilt til topps. Mykje snø i år på delar av vegen. Vi har målt opptil 12 meter høge brøytekantar, det er lenge sidan vi har hatt så mykje snø, skriv dagleg leiar Ann Kristin Mossberg i ein e-post til smp.no.

I august 2016 blei det nye platået på Dalsnibba offisielt opna. Namnet er Geiranger Skywalk. Her kan ein sjå rett ned til Geiranger sentrum og ut over Geirangerfjorden. Platået er bygd slik at ein står (trygt) over eit fritt fall på omkring 500 meter.

Dalsnibba er eit fjell på 1476 meter over havet.

LES MEIR: Geiranger Skywalk offisielt opna