Har du tips eller bilde? Send til 95400400@smp.no /95400400

Både brannvesen, politi og ambulanse er på staden etter melding om brann i ein einebustad på Grebstad i Sykkylven fredag kveld.

– Brannvesenet har no god kontroll på brannen og det arbeidast med å redde og sikre verdiar. Vi kjenner ikkje brannårsaka, seier operasjonsleiar Borge Amdam i politiet til Smp.no fredag kveld.

– Patruljen melder om røyk, legg han til.

Ingen personar heime

Brannvesenet fekk melding om brannen klokka 21.15, og var på staden 21.26, ifølgje Nils Bjerknes ved 110-sentralen i Møre og Romsdal.

– Då brannvesenet kom fram var der røyk og det kom flammar frå gavlveggen, seier han.

Også politiet melde om opne flammar frå bygget.

Huseigar var ikkje heime, og det skal ikkje ha vore folk i huset då brannen starta. Huseigar er no tilbake på staden.

Ukjend årsak

Operasjonsleiar Borge Amdam seier at det erfaringsmessig vil vere snakk om store skadar etter ein brann der det har vore opne flammar.

Årsaka er ikkje kjend.

– Vi vil jobbe med å kartlegge årsak, men dette arbeidet vil truleg starte over helga når ein kan gjere åstadsundersøkingar, seier Amdam.