Dei to første NOx-avtalane har vore ein viktig pådrivar for å redusere utslepp av skadelige nitrogenoksider (NOx) frå næringslivet. Avtalane har bidrege sterkt til at Norge har nådd sine utsleppskrav for NOx i forhold til Gøteborg-protokollen om langtransportert luftforureining, heiter det i ei pressemelding frå havfiskeflåten.

Meir miljøvenleg fiskeflåte

– NOx-avtalen har vore ein viktig pådrivar for å styre fiskeflåten i ei meir miljøvenleg retning, og stimulere til å innføre meir miljøvennleg teknologi.

Vi driv i ei evigvarande næring, og har eit stort miljøengasjement i alt vi foretek oss, seier Jan Ivar Maråk, assisterande direktør i Fiskebåt, og nestleiar i styret for NOx-fondet.

Kollektivt NOx-tak

Den fornya avtalen bygger på dei same prinsippa som avtalene som har vore gjeldande i 2008 – 2017. Unntaket er at den nye avtalen er formulert som eit kollektivt NOx-utsleppstak som næringslivet må halde seg under, uavhengig av aktivitetsendringar, mens dagens avtale krev årlige NOx-reduksjonar.

I korte trekk gir avtalen fritak for NOx-avgift mot at næringa oppfyller miljømålet om reduserte utslepp av NOx.  Dette inneber eit avgiftsfritak på om lag to milliardar kroner årleg, der om lag halvparten omfattar olje- og gassnæringa.

Utslepp ned med 20 prosent

NOx-avtalen har så langt ført til ein reduksjon av utsleppa med meir enn 30.000 tonn sidan 2008, eller omtrent 20 prosent av dagens NOx-utslepp i Norge. Fiskeflåten har vore ein vesentleg bidragsytar til dette.

– Tiltaka er gjennomført på ein kostnadseffektiv måte, og nye miljøteknologiske løysingar er utvikla og tatt i bruk.

– Frivillige avtalar nyttar

NOx-fondet har vist at frivillige miljøavtalar kan ha langt større effekt på utsleppsreduksjonar enn avgifter, og at dei negative konsekvensane for næringslivet blir langt mindre, seier Maråk.

Ein positiv bieffekt av NOx-avtalen er at utsleppa av CO2 er redusert med knapt 700.000 tonn som følgje av omlegging til økt bruk av naturgass til erstatning for diesel i skipsfarten, elektrifisering av ferger, og andre energieffektiviserande tiltak i medlemsbedriftene.