Oppdatert klokka 12.20 måndag: Haukeland universitetssjukehus melder at mannen ikkje lenger er kritisk skadd. Dei melder måndag at han er alvorleg skadd.

Tilstanden til mannen i 40-åra som blei frakta med luftambulanse til sjukehus etter ei trafikkulykke i Hornindal i Sogn og Fjordane fredag kveld er framleis karakterisert som kritisk laurdag ettermiddag.

Det opplyser Haukeland universitetssjukehus i Bergen klokka 13.15.

Luftambulanse og naudetatar rykka fredag ut til ei utforkøyring vest for Kjøs bru i Hornindal. Ulykka skjedde i Skåpavika like ved kommunegrensa til Eid.

Ein bil var involvert i ulykka.