Operasjonsleiar i politiet på Sunnmøre, Per Åge Ferstad, fortel laurdag kveld at ein patrulje frå UP var på staden.

– Vi hadde ein patrulje på staden. Traktorhengaren hadde velta og låg i utkanten av vegen, og der var hjelp på veg då patruljen var der. Det var ikkje snakk om noko personskade, og førar er sjekka ut. Alt er OK, seier han.

Politiet fekk beskjed klokka 19, men han trur uhellet skjedde tidlegare på dagen.

Tipsar Øyvind Skaar seier til Sunnmørsposten at han synast vegen er svært smal.

– Vegen på denne viktige strekninga er altfor smal, og eg er på ingen måte overraska over uhellet. Eg såg ikkje uhellet, men forstår godt situasjonen til føraren. Det er veldig bra at det ikkje skjedde ei ulykke med personskade her, seier han.

– Nettopp på grunn av Devoldfabrikken er det mange som køyrer her som ikkje er klar over at vegen er så dårleg.