– Vi opna for påmelding 1. februar klokka 12.00. Dagen etter klokka 15.00 var her fullteikna. Denne gongen med alle laga frå Sunnmøre, og så vidt vi veit den einaste turneringa av denne typen i vårt distrikt på naturgras, fortel Jens Arne Bonesmo, ein av 120 i arrangørstaben.

Gratisaktivitetar

Fotballfestivalen tek mål av seg til å vere ei annleis fotballturnering, med gode og sosiale fellesaktivitetar for heile familien.

Ofte må leiarane på leiting etter spelarane når det stundar mot kamp. Ikkje rart når arrangøren freistar med ATV-køyring, hesteriding, gullvasking, hoppeslott, barnas bondegard, gråtass-traktor med meir.

På ein varm dag som sist laurdag var heller ikkje ein dukkert i friluftsbadet på Ikornnes å forakte. Alt gratistilbod.

Talent og breidde

Her er det rom for alle. Spelarar som er ferske og er vel nøgde med ballkontakt eit par, tre gonger i løpet av ein kamp. Eller meir vidarekomne, som allereie osar av små talent.

Spelarar som heile tida er klar for nye steg. Slik som i kampen vi såg mellom Herd og Volda, gutar fødde i 2008.

Herd-spelarane meinte dei vann kampen 5–4, difor let vi to av spelarane deira – den eine jente – få litt ekstra merksemd, kanskje deira fyrste møte med pressa, noko som alltid kan vere krevjande.

Kjekt i Hundeidvik

Både Sara Aarønes Holte og Theodor Ulla var samde om at det hadde vore ein kjekk dag

– Vi har vunne to kampar og tapt mot Guard. Mellom kampane har vi køyrt ATV, vore i hoppeslått og enno meir.

– Og eg har scora fire mål og vert ni år om sju dagar, skundar Sara seg smette inn.

– Men du Theodor, som har sånn tøff sveis, har du eit førebilete på fotballbana med liknande sveis?

– Eh, Eh, Eh. Spørsmålet var tydelegvis uventa, men vi ser guten tenkjer så det knakar. Så kjem det:

– Det er ho mamma som seier eg kan ha det slik. Då får eg ikkje luggen ned i augo, og eg ser ballen heile tida.

Hipp hurra for alle fornuftige fotball-mødrer – utan tvil gode å ha!