– Eg synest klistremerka er heilt forferdelege. Det er ikkje slik eg vil at Sykkylven skal stå fram, som trongsynt og inhuman, seier Therese Utgård.

Da ho var ved volleyballbana i Sykkylven sentrum søndag såg ho at nokon hadde klistra opp merke med teksten «Refugees not welcome» på. Underteksten er «Bring your families home. Destination Africa».

– Eg oppdaga fleire klistremerke andre stader i Sykkylven, fortel Utgård.

Ansvar – Vi har eit ansvar for korleis vi snakkar om flyktningar, meiner Therese Utgård. Foto: Alexander Worren (arkivfoto.

Raus

I staden for å prøve å rive vekk klistremerka, valte ho å gå til innkjøp av hjarte som ho klistra over «not» og «home». Dermed har klistremerka fått teksten «Refugees welcome – bring your families».

– Sykkylven er ei raus bygd. Det vil eg at folk som har flykta hit skal skjøne. Vi er ei bygd full av folk som ønskjer å hjelpe, ikkje avvise menneske i naud, seier Utgård.

Ei redsle

Då ho publiserte bilde av den vesle «motaksjonen» sin på Facebook fekk ho mange støtteerklæringar. Kven som har klistra opp dei fiendtlege merka har ho ikkje funne ut av.

– Det kan kanskje vere høgreekstreme organisasjonar, men det kan òg vere ein «einsam ulv» som har gjort dette på eiga hand.

Uansett kven det er har Utgård vanskeleg for å skjøne kvar hatet mot flyktningane kjem frå.

– Den eller dei som har gjort dette må bere på ei redsle eller frykt inni seg. Eg trur dei kunne ha godt av å bli kjend med nokre som har komne til Norge som flyktningar. Då hadde dei kanskje fått ei a ha-oppleving. Dette er menneske som treng hjelp, ikkje avvising.

Avisa Sunnmøringen skreiv i april i år ei sak om at same type klistremerke var sett i Stranda sentrum.