Verdas største hybridferje «Color Hybrid», som skal byggast ved Ulstein Verft, har vunne prisen Next Generation Ship Award på bransjetreffet Nor-Shipping tysdag, går det fram av ei pressemelding.

Prisen er ein heider for det mest lovande design på skip som skal sjøsettast det kommande tiåret.

Fartøyet er designa av Fosen Yard og vert bygd av Ulstein Verft for eigaren Color Line. Prisen vart utdelt av Kronprins Haakon.

Prisen for Årets Skip gjekk til «NKT Victoria» som blei bygd ved Kleven verft i Ulsteinvik. Den andre finalisten var vindserviceskipet «Windea Leibniz» frå Ulstein Verft.

Under Nor-Shipping-messa blei det også delt ut prisen Energy Efficiency Award. Den gjekk til fartøyet «Venture Joy», designa av Deltamarin for tyske Hamburg Bulk Carriers, ifølgje ei pressemelding frå arrangøren.

Color Hybrid: Color Line si nye 160 meter lange hybridferje skal gå mellom Sandefjord og Strømstad. ILLUSTRASJON: COLOR LINE