Fosnavåg-baserte Havila Shipping ASA har inngått kontrakt med Mærsk Olje & Gas for PSV-fartøyet Havila Clipper for ein periode på seks månader og ein opsjonsperiode på seks månader, melder selskapet i ei pressemelding onsdag morgon.

– Kontrakten er i direkte framhald av eksisterande kontrakt, skriv selskapet i børsmeldinga.

Havila Clipper har jobba for Mærsk i tre år.

– Eg er nøgd med at Mærsk held fram med å leie inn Havila Clipper. Vi er dermed den største leverandøren av PSV-tenester til selskapet, seier Havila-sjef Njål Sævik ifølgje pressemeldinga.

– Vi har heile tida regna med at dette året blir knalltøft. Her tel kvar einaste kontrakt. Vi har heldigvis skodd oss for å klare desse utfordrande tidene, seier Sævik.

Havila har også sikra arbeid i sju nye veker for PSV-fartøyet Havila Borg med Peterson Den Helder BC, med moglegheit for forlenging i tre nye veker.