Dette blei slått fast då Folkehelseavdelinga, eit interkommunalt samarbeid med 11 kommunar, var på synfaring i Selje denne veka.

– Asbest er kreftframkallande når ein får det i lungene, men når det ligg slik som dette, så er det vanskeleg å puste inn. No ligg det som dødt materiale, seier kommuneoverlege i Flora, Jan Helge Dahle.

Han meiner likevel det ikkje er ideelt om barn leikar der asbestbitane ligg. Området er også avsperra med gjerde.

Ordførar Stein Robert Osdal seier at det er ein del spørsmål omkring asbestfaren, og han er difor glad for at det blir slått fast at det ikkje er nokon fare slik det er no.