– Vi føler at det som no skjer med kommunen vår ikkje følgjer dei demokratiske spelereglane. Vi krev at folk må få seie si meining, seier Tore Tenfjord.

Han er ein av initiativtakarane til aksjonen som han fortel blir teke svært godt imot.

– Det er mange som skriv under. Dette engasjerer, seier han.

Krav

Tenfjord legg til at både dei som er for og imot å gå saman med Ålesund kan skrive under på krav om folkerøysting.

– Sjølv vil eg røyste imot samanslåing, seier Tenfjord, og viser til ei tidlegare folkerøysting som sa klart nei til Ålesund.

Ordførar Knut Harstad seier til Sunnmørsposten at han ikkje kjenner til aksjonen og difor ikkje vil kommentere aksjonen no.

Vedteke

I dag vart det klart at eit fleirtall på Stortinget vil bruke tvang for å slå saman Haram med nabokommunane Ålesund, Sandøy, Skodje og Ørskog. Det er fleirtal for dette i kommunalkomiteen, og endeleg avgjerd blir fatta av Stortinget 8. juni.

I Haram har eit fleirtal sagt nei til samanslåing med fire nabokommunar.