I eit brev til Volda kommune krev sakførar Bjørn Kristian Hove at Volda kommune sjølv tek initiativ til å skrinleggje planane om ein turveg rundt Rotevatnet i Volda. Dette gjer han på vegner av tolv grunneigarar.

Hove viser til at då Volda kommunestyre gjorde planvedtaket om godkjenning av den omstridde turvegen, så gjorde dei også eit anna vedtak som får konsekvensar.

– Når 14 av 27 kommunestyrerepresentantar ikkje sluttar opp om punktet «gjennomføring av planen er tvillaust til meir gagn enn skade», manglar reguleringsplanvedtaket heimel i lov, skriv Hove mellom anna.

Saka går no som klage til Fylkesmannen.

Dermed får klagesaka om påstått oversett raudlista oter i vegtraseen, selskap i klagebunken hos kontrollmyndet.

Turvegen vil koste 25 mill. kr.