Det siste først: Austinen var registrert 1961 hjå Erling Aasprong på Tingvoll. Dette har bilmannen Per Birger «Biggen» Eliassen funne ut av.

– Eg trur at dette er på Remmem. Bildet er teke eit lite stykke etter rundkøyringa ved Tresfjordbrua viss ein køyrer gamlevegen til sentrum av Vestnes, seier Jenny M. Hoel.

Bakgrunn: Dette er «kontoret» hans, dét

Nær sagt oppunder denne brua vaks Terje Misund opp.

– Den ligg om lag midt mellom indre og ytre Remmem. Mjølkespannene står på rampen ved brauta opp til det vi kallar Holane, fortel Misund.

Vegen vart lagt om for mange år sia. Men denne gamlebrua er like fullt historie, for vegen gjennom Remmemsbukta vart suksessivt utvida og utbetra.

– Staden ligg rett nedanfor til venstre ved tunnelopninga før Vestnes sentrum.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten

I fjøra her bygde både Stenødegård og Salthammer båtar frå gamalt av.

– Eg meiner også det var om lag her i svingen ved mjølkerampen at den legendariske drosjesjåføren Alf Remmen køyrde utfor og gjekk rundt, seier Terje Misund.

– Taket vart truleg berre hamra ut att.