Det skriv Høgskulen i Volda på nettsidene sine. I tildelinga la høgskulestyret vekt på at Haugen er ein ung forskar som i løpet av kort tid har oppnådd særs mykje, og at han har ytt ein framifrå innsats for forskinga i Volda.

Han har blitt professor, publiserer mykje – også internasjonalt – og tek på seg mange verv. Han er såleis eit god førebilete for andre tilsette ved Høgskulen i Volda, meiner styret.

Intern uro ved Høgskulen: Fryktar Bergen - vil til Trondheim

Haugen vart med ein fersk doktorgrad tilsett som førsteamanuensis i norsk språkvitskap ved Høgskulen i Volda i august 2013. Knapt to år seinare fekk han opprykk til professor, og vart med det høgskulen sin desidert yngste professor, berre 35 år gammal.

Les fleire nyhende om Høgskulen i Volda.