– Fiskeolje eller omega-3 for ungdom er ikkje prøvd før, sa elevane frå Brattvåg ungdomsskule under presentasjonen i Parken Kulturhus i Ålesund onsdag.

Oppgåva var å designe ei flaske og vise korleis dei ville marknadsføre produktet. Oppdragsgjevar var selskapet Marine Ingredients i Brattvåg.

Elevane fortalde at dei hadde undersøkt marknaden. Det viste seg at ungdom vil ha fiskeolje med smak av anten blåbær, bringebær, cola eller kiwi.

– Vi må jobbe meir med aromaen, sa ungdommane og håper at dette faktisk blir eit kommersielt produkt.

Til saman var det ni finalistar. Juryleiar Jan Kåre Aurdal hadde mange lovord.

– Det som slår meg er kreativiteten, seier Aurdal og meiner dette lovar godt for Sunnmøre.

Vinnaren trekte det lengste strået på grunn av god marknadsundersøking og eit nært samarbeid med oppdragsgjevaren

– Vi treng både nye og eksisterande arbeidsplassar viss ungdommen skal trivast her, seier Aurdal.