Det melder helseforetaket på sine nettsider.

Det er det regionale brukarutvalet i Helse Midt-Norge som deler ut prisen, og såleis representantar for pasientane. Forsikinga har bidratt til betre samhandling mellom primær- og spesialisthelsetenesta i pasientbehandling så nære pasienten sin heim som mogleg, skriv føretaket.

– God forsking er teamarbeid. Utan brukarane blir det inga forsking. Det er altså sjuke personar som stiller opp for at vi skal kunne utvikle helsetenestene. Takk til dei, og takk til kollegaer og fagmiljø som har backet oss, sa prisvinnar Torstein Hole til helse-mr.no.

Det var den 13. prisen frå brukarutvalet som vart delt ut i Trondheim.

Marit Kvangarsnes var den første professoren ved avdeling for helsefag ved NTNU Ålesund. Foto: Høgskolen i Ålesund