Aksjonskomiteen mot tvangssamanslåing av Haram sende onsdag ein epost til kommunal- og regionalkomiteen samt alle medlemmar av Frp og V sine stortingsgrupper.

– Høgre reknar vi som ubotferdige, uttalar Arnt-Ove Tennfjord på vegne av aksjonskomiteen.

«Vi vil berre minne om motstanden mot bruk av tvang mot kommunen vår frå svært mange av dei røysteføre personane i Haram kommune. Etter 50 års knallhard jobbing for å skape ein felles identitet i ei stor og geografisk utfordrande kommune, ønskjer vi ikkje å setje dette på spel.» skriv Tennfjord til stortingspolitikarane.

Han legg til at motstanden ikkje kjem til å gå over. Med det antydar han at det kjem eit val til hausten.

– Det må bli ei smell

Haram stemte nei både i folkerøysting og i kommunestyret. I tillegg kom ei underskriftskampanje der 3.500 skreiv under mot tvangssamanslåing.

– 90 prosent av dei som skreiv under bur i Haram. Resten kjem herifrå eller har anna nær tilknyting til kommunen, ifølgje Arnt-Ove Tennfjord.

– Landets makt og folk i Haram er på kollisjonskurs. Det må bli ein smell. Det er slik folk opplever det, seier Arnt-Ove Tennfjord til Sunnmørsposten.

Det var Edel Tolås som tok initiativet til underskriftskampanjen.

– Eg får så mange takkens ord for ar vi tok initiativet til dette, seier Tolås.

Foreslår ny folkerøysting i Haram

I kommunestyret vil Haldor Lillebø (Sp) foreslå ei ny folkeavrøysting.

– Så snart som regjeringssituasjonen er avklara, dersom det er reelt å få skilsmisse bør vi ha ei folkeavrøysting. Det er viktig å forankre standpunkt i folket, seier Lillebø.

– Kvifor ikkje ta ei slik folkerøysting allereie samtidig med stortingsvalet?

– Det er for tidleg. Då kan folk tenke at det ikkje er vits i å stemme, meiner Lillebø.

Slagsvold Vedum til Haram

Slik Lillebø har forstått det, er ein tilleggsproposisjon til Stortinget nok for å få endra ei tvangssamanslåing.

Tysdag kjem Sp-leiar Trygve Salgsvold Vedum til Haram for å treffe mellom andre ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp).

– Det er naturleg at kommunereforma blir hovuddel i møtet. Så det blir eit veldig dagsaktuelt tema, seier Krogsæter.

Slagsvold Vedum skal også møte dei andre Sp-ordførarane på Sunnmøre, i Vestnes og i Stranda.

– Eg ventar ikkje stor dramatikk i Stortinget i dag. Eg er svært overraska om det ikkje går slik regjeringa ønskjer. Så eg trur nok at resultatet er gitt, seier Krogsæter.