Fann staden der forfedrane kokte seg mat for nesten 2000 år sidan

Per Arne Grebstad på Auregarden i Sykkylven smiler. Han er svært historieinteressert og har hatt nokre strålande dagar denne veka.

Frå benken utanfor huset sitt har han hatt orkesterplass til fylkeskonservator Bjørn Ringstad sitt gravearbeid.

– Eg har alltid trudd at det ville vere spor etter mellomalderen her i jorda utanfor huset. Men det fann han ikkje. Han fann derimot noko som var mykje eldre, seier Grebstad og peikar bort på Bjørn Ringstad.

Aure i Sykkylven: Har funne spor frå bronsealderen

I hagen

Fylkeskonservatoren har nemleg grundig undersøkt to større sjakter som er gravne opp på Auregarden, i hagen til Per Arne og Målfrid Grebstad.

TILSKODARAR Per Arne og Målfrid Grebstad har orkesterplass til dei arkeologiske registreringane i hagen.

– Her har eg funne ni kokegroper frå eldre jarnalder. Ut frå korleis gropene er laga trur eg dei er frå 3–400 år etter Kristus, forklarer Ringstad.

Medan grunneigar Per Arne Grebstad er begeistra over å sjå spor etter forfedrane sine, så å seie heilt opp på kjøkentrappa, så kosar fylkesarkeologen seg over å drive feltarbeid igjen. Altfor ofte må han sitje på kontoret.

– Kokegropene stod utandørs, og vart nytta til å lage til mat, både av vilt og husdyr, fortel han ivrig.

Dyrking

– Dessutan har eg funne spor etter dyrking. Jorda her er blitt pløgd med ard og plog. Arden var forløparen til plogen, forklarer fylkeskonservatoren.

Historieinteressert? Les fleire saker om arkeologiske funn på Sunnmøre

Funna er gjort i to sjakter som er åtte-ti meter lange og tre meter breie.

– Hadde vi laga fleire slike sjakter hadde vi nok gjort endå fleire funn av kokegroper. Vi veit frå tidlegare utgravingar i området at det har vore stor aktivitet her på Aure.

Ringstad har no plotta alle dei nyaste funna inn på detaljerte kart. Deretter blir sjaktene dekt til med ein vegduk, før det blir lagt grus og mold oppå.

Utgravingar for 25 år sidan

– Er det første gong det blir gjort arkeologiske utgravingar i ein hage?

GRUNDIG Med tommestokk i handa måler Bjørn Ringstad opp funna på Auremarka.

– Det er iallfall første gong eg har opplevd at det blir grave heilt inn til trappa til folk.

Andre hadde kanskje ikkje blitt like blid for graving i hagen. Men Målfrid og Per Arne synest berre det er spanande.

– Vi har nok plen å slå likevel, seier Målfrid.

– Dette som har skjedd denne veka fekk meg til å tenkje på dei første utgravingane her på Auremarka for 25 år sidan. Det var Bjørn Ringstad som var med på dei også, seier Per Arne Grebstad, og blir litt nostalgisk.

Trudde dei var frå vikingtida: Fann 4.000 år gamle hustufter