Bilferja Kvam fekk motorhavari rett ved innløpet til ferjekaia ved Kvamsøya litt etter klokka 10.30 fredag.

I følgje Gunnar Ristesund var ambulansebåten "Ambu" raskt på plass.

- Det ser ut til at ferja skal klare å kome seg til kai ved hjelp av ambulansebåten. Ferja har ikkje motorkraft, seier Ristesund.

Ferjemannskapet stadfester at ferja har fått motorstans men viser til rederiet for vidare informasjon.

Bilferja Kvam går i sambandet Larsnes - Åram - Voksa - Kvamsøya og har plass til 35 bilar.

Smell i motorrommet

Regionsjef Inge Andre Utaker i Norled seier at like etter avgang fra Kvamsøya så høyrde mannskapet to kraftige smell fra maskinrommet.

- Ferja blei da liggende og drive eit stykke fra land. Det var ingen fare for folk eller ferja og dei slapp å kaste anker, seier Inge Andre Utaker til smp.no.

Ein ambulansebåt kom til og denne bukserte ferja tilbake til kai.

- Det var 10 passasjerer om bord.

Ute av drift

Utaker opplyser at Norled har sendt B-ferja fra sambandet Skjeltene - Lepsøy - Haramsøy sørover for å ta over ruta til Kvam.

- Ferja vil vere på plass om cirka fire timer. Samstundes bemanner vi reserveferje som vi set inn att i B-ruta på Skjeltene - Lepsøya - Haramsøya, seier Utaker.

Bilferja Kvam vil bli taua til verft for sjekk, opplyser Norled.

Her ligg bilferja Kvam midtfjords utanfor Kvamsøya. Foto: Gunnar Ristesund