Dei seks banda er veteranane Sunnmøre Baarelag, samt Ovërhead frå Kverneland, Kolabruise og High Voltage frå Ørsta, My Descending Ark frå Volda og The Clinton Experience, også dei frå Volda.

– Det har vore litt stille på rockefestivalfronten i Ørsta og Volda dei siste åra, og med Christian Gaard som samarbeidspartnar og Trandal som eit perfekt festivalområde må dette berre bli suksess, seier arrangørane til Møre-Nytt.

Og arrangørane er Kristin Riise og Maria Maude, saman med Christian Gaard.