I ein rapport som Riksrevisjonen overleverte til Stortinget nyleg, vart det dokumentert omfattande brot på både offentleglov og arkivlov i departement og statlege verksemder. Desse lovene er til for å sikre at folk kan kikke styresmaktene i korta, og få høve til å påverke saker før dei blir vedtatt. Prinsippet om at forvaltninga skal vere open for innsyn, er heimla i Grunnlova. Ein føresetnad for reelt dokumentinnsyn er gode rutinar for arkivering og journalføring, og derfor er dette så viktig. Ulovleg hemmeleghald i offentleg forvaltning er eit stort demokratisk problem.

Undersøkinga til Riksrevisjonen avdekka systemsvikt og grove feil i rutinane. Det handla om dokument som var så mangelfullt journalført og arkivert at dei i praksis var utilgjengeleg for publikum, dokument som var «forhåndsunntatt» offentleg innsyn utan gyldig grunn, og brot på tidsfristar. Kontroversielle saker vart «gøymde bort». Alt dette gjer det vanskeleg for innbyggarane å få innsyn, og samfunnet går glipp av offentleg ordskifte om vesentlege saker. Mangelen på openheit skadar tillitsforholdet mellom folket og dei styrande, og det er alvorleg. Tillit er Norges viktigaste samfunnskapital, og den har vi ikkje råd til å miste.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Justis- og beredskapsdepartementet, som har ansvar for lov og orden i landet, er mellom verstingane når det gjeld mangelfull journalføring og arkivering. Redselen for openheit ser ut til å prege mange departement. Det er demoraliserande at staten sjølv bryt lover utan at det får konsekvensar. – Ei lov utan sanksjonar er ei svak lov, sa riksrevisor Per-Kristian Foss då han presenterte rapporten, og det har han heilt rett i. Det må koste noko å bryte ei lov, elles har den ingen verknad. Riksrevisjonen har påvist behov for å avklare det overordna ansvaret for å kontrollere at offentleglov og arkivlov blir følgd, og det ansvaret må plasserast klart og tydeleg.

Den knusande rapporten frå Riksrevisjonen skal snart behandlast i Stortinget. Vi forventar at dei folkevalde følger opp og innfører sanksjonar for grove brot på dei lovene som skal sikre openheit i forvaltninga.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!